Innlandet - fortsatt ein dårleg ide

Av
DEL

lesarinnlegg
Nå har Topp-4 for Senterpartiet i Hedmark og Oppland gjennom 20 dagar besøkt alle 46 kommunar. Vi har møtt motiverte ordførarkandidatar, engasjerte og stolte lokalpolitikarar, vi har fått møte næringsliv og blitt informert om moglegheiter og utfordringar. Vi har kjørt fylkesvegar lengst vest i Vang, Skjåk og Lesja, lengst øst i Engerdal og Trysil og lengst sør i Eidskog.
Sjølv om dette har vore ei flott reise, meiner vi fortsatt at regionreformen er ein dårleg ide. Vi har til gode å møte mange som roper hurra for dette, men heller tvert imot byrjar å sjå kva konsekvensane kan bli. Det fører til ei sentralisering og ein større avstand både geografisk og mellom folk. Det blir eit fylke som er 20% større enn Danmark. Vi har ikkje fått fleire oppgåver og pengesekken blir stadig mindre ved kutt i overføringar frå regjeringa.
I Nationen har dei hatt ein serie dei kallar «Den stille sentraliseringa», der dei har kartlagt kor mange både private og offentlege arbeidsplasser som har forsvunne eller vorte sentralisert dei siste åra. Sentraliseringa byrjar nå verkeleg å vise seg. Det er som ei flomstor elv som byrjar i det små og som berre aukar i kraft og styrke ettersom tenester blir flytta og makt samla. Dette har distriktskommunane sliti med i fleire år, men nå kjem dette også nedstrøms i sentrale strøk.
Vi i Senterpartiet har tru på tenester nær folk, vi har tru på at lokalsamfunn og regionar har den beste kunnskapen og kjennskapen for korleis dei ynskjer å utvikle seg. Vi har tru på møte mellom menneske framfor fjerne kontor. Ved å bli eit storfylke som Innlandet vil det kreve store ressursar å kunne halde tett kontakt med kommunar og næringsliv. Vi har to fylke i dag der det bur folk alle stader og der folk både ynskjer å bu og å reise til.
Allereie nå ser vi konturane av at lokalsamfunn tapar arbeidsplassar, spesielt innanfor det offentlege, som ein konsekvens av regjeringa sin regionreform. Vi ynskjer at kommunar skal utvikle seg og gje innbyggarane sine gode tenester og vi ynskjer eit næringsliv som blomstrar. Det meiner vi ikkje denne regionreformen gjev oss reidskapen til. Det blir ein kamp om arbeidsplassar og ein kamp om midlar. Oppgåvene vi var lova ved å slå saman fylka har vi ikkje sett stort til. Overføringane til fylkeskommunane har vorte kutta år for år og det gjer at kampen om pengar til fylkesvegar, videregåande skular og næringsutvikling berre blir tøffare og tøffare. Det kjem også stadig fleire vedtak og signal frå regjeringa som overstyrer våre demokratiske vedtak og oppgåver. Dette kan ikkje kallast ein demokratireform!
Begge fylkestinga stemde mot samanslåing og Senterpartiet meiner fortsatt dette. Vi vil jobbe hardt for å vere ei motkraft mot at dette skal føre til ei sentralisering. Både fylkesmannen og fylkeskommunen blir nå store, tunge organisasjonar som vil bruke mykje tid på å reise. Vi ynskjer ikkje at mange fleire må pendle både ein og to timar meir til jobb. Vi ynskjer ikkje at det meste skal samlast på Hamar eller Lillehammer. Det er umoderne at alle må sitte innanfor fire vegger under eitt tak. Det er mykje viktigare at vi kan rekruttere breidt i heile fylket og ha nære relasjonar og kunnskap om kommunar og næringsliv.
Dei som er for denne samanslåinga hevder at nå har prosessen gått for langt. Det er vi ikkje einige i. Det er eit prosjekt som vil koste milliardar, og desse milliardane meiner vi burde blitt brukt til næringsutvikling, fylkesvegar, breiband, jernbane, kultur og vidaregåande skular. Det er innbyggarane sine skattepengar som skal kome dei til gode. Vi treng samarbeid og gode relasjoner på tvers av kommunar, regionar og fylke, men det kjem ikkje automatisk ved å slå saman store geografiske område.
Vi ynskjer å vere eit tydeleg talerøyr mot statleg overstyring, sentralisering og byråkratisering for folk i Hedmark og Oppland og skal kjempe mot dette kvar dag, og vi meiner at vi treng eit nytt fleirtal på Stortinget nå som forstår at vi ikkje kan bygge landet med tvang.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags