Kutt pengesløseriet, og senk eigedomsskatten for dei små

SKIFESTIVAL: SV vil har slutt på at "kommunens skattepengar på skifestival og kontinuerlege oppgraderingar av anlegg for at skimillionærane skal ha gratis arena på Lillehammer", skriv Håvard Teigen.

SKIFESTIVAL: SV vil har slutt på at "kommunens skattepengar på skifestival og kontinuerlege oppgraderingar av anlegg for at skimillionærane skal ha gratis arena på Lillehammer", skriv Håvard Teigen. Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg
Plutseleg kjem interessante motsetnader fram i Lillehammer-politikken. SVs gruppeleiar seier at partiet ikkje lenger vil bruke kommunens skattepengar på skifestival og kontinuerlege oppgraderingar av anlegg for at skimillionærane skal ha gratis arena på Lillehammer.
Ap i Lillehammer kallar dette «populistisk» og hevdar at det er feil å sette politikkområde opp mot kvarandre. Men det er å sette politikkområder opp mot kvarandre som er politikk. Politikk er å ville, politikk er å prioritere. Utan slik prioritering er det berre to utvegar: skattlegge innbyggarane hardare og ta opp store låneopptak.
SV vil i framtida ikkje vere med på å skattlegge dei små og overføre pengane til dei store, til skimillionærane. Partiet har derfor vedteke å redusere eigedomsskatten ved å heve minstefrådraget frå dagens 500 000 til ein million i løpet av den komande kommunestyreperioden. Dette vil gje spesielt dei unge boligeigarane i små leilegheiter/ hus sterk reduksjon i eigedomsskatten. Dette er god fordelingspolitikk.
Handlingsfridomen i Lillehammer-politikken er redusert på grunn av låneopptak. Kommunen skal ikkje redusere innsatsen innan helse- og omsorg, eller krevje enda meir i betaling for SFO og andre tenester. Der vi har handlingsrom, er å avslutte pengesluka til dei kommersielle arrangementa. SV vil fase ut støtten til World Cup og trappe ned så fort som mulig millionoverføringane til Olympiaparken. Da sparer vi omtrent det beløpet vi i staden vil redusere eigedomskatten med.

Høgre ser ut til å stå saman med Ap om toppidrettssatsinga. I så fall må veljarane som vil ha slutt på dette pengesløseriet finne seg andre parti. SV har her presentert sitt alternativ.

Håvard Teigen, listekandidat for Lillehammer SV

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags