Kvar blei det av nynorsken i GD?

Av
DEL

lesarinnlegg
Her kjem eit hjartesukk frå underteikna som har vore vinterferieturist på Nordseter i dei siste tjue åra, og som har kjøpt GD på papir kvar dag under desse opphalda i veke 8. Ei spesiell glede for meg har det vore at det stort sett i kvar utgåve har vore noko redaksjonelt stoff på nynorsk. Heilt logisk, har eg tenkt, for dette er jo ei avis som blir lesen i heile Gudbrandsdalen.

Nå er eg attende frå ei vinterferieveke som papiravis-kjøpar igjen og konkluderer med at nynorsken i GD stort sett berre finst på lesarbrevsidene i 2020.

Eg vil meine at GD blir ei meir representativ avis for området om journalistar blir oppmoda til å skrive nynorsk i blant, og ikkje berre i stoff frå Norddalen, men til alle slags emne. I dekkingsområdet er det over 2000 grunnskuleelevar med nynorsk hovudmål, og dei treng språklege førebilete. Og i tillegg er det altså vi laussalskjøparar og turistar som set pris på at språket i avisa viser språkmangfaldet i dette fjell-området.

Elles takk for ei god regionavis!


Magne Aasbrenn, fast Nordseter-turist og leiar i Noregs Mållag

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags