Buss-sjåfør langar ut mot kurs for yrkessjåførar: - 70 prosent av innhaldet i dette kurset er vas

Artikkelforfattaren er ikkje nøgd med etterutdanningskurset for yrkessjåførar. Illustrasjonsfoto.

Artikkelforfattaren er ikkje nøgd med etterutdanningskurset for yrkessjåførar. Illustrasjonsfoto. Foto:

Av
DEL

MeningerEg har nettopp gjennomført etterutdanning for yrkessjåførar (YSK). Kurs på 35 timar som er lovpålagt kvart femte år. Dette er mitt andre kurs.

På første dag på kurset hadde eg ein time på ØNH/SSF. Eg (med fleire) antok at dette var greitt sidan det var eit nødvendig ærend. Men for sikkerheits skuld vart kursleiing kontakta i forkant av kurset. Svaret var tydeleg. Det er 100 % oppmøteplikt. Er du borte ein time i løpet av ein kurs dag må du ta att heile dagen for å få samanheng i undervisning. Ingen rom for smidigheit. Dette verkar feil på meg, og er irriterande når ein veit kva ventetida i helsevesenet kan vere. 

Kva med den stakkaren som har sett av desse fem dagane til kurs, og på veg til kurset får ein trafikal stans av ulik årsak og kjem ein time for seint til kurset. Han vert møtt i døra: «For seint oppmøte. Du kan reise heim. Oppmøteplikta er 100 % og det er: Krav i forskrifta. Denne dagen må du ta att ved neste kurs. God tur heim»!

Mykje godt vi ikkje fekk med meldingsbok heim som i småskulen.

Kva er det viktigaste formålet med kurset: Jau, å auke kompetansen til yrkessjåførar som driv med passasjer- og godstransport, og å få ned ulykker der tunge køyretøy er innblanda. Formålet er fantastisk!

Etter å ha gjennomført dette kurset to gongar, vågar eg å påstå at minst 70 % av innhaldet i dette kurset er vas: «Nasjonal transportplan, at kvar fjerde lastebil på vegane er tom, at personbilen overtar vegen og at vi bør ete 5 om dagen..» Faktisk så uinteressant at ho ut til høgre strikka feil og måtte rekke opp att! Nei no må Norge vakne! Lat oss i lag vere motivert for å verkeleg oppnå formålet, og å få ned ulykkene på vegane! Gje oss 1–2 dagar med nyttig kunnskap som: «Sikring av passasjerar og last, ulykkeshandtering, trafikk(farlege) situasjonar». Kutt ut alt anna vas! (Frukt veit vi er sunt!) Lat oppmøteplikta stå, men ikkje opptre rigid!

Om ikkje Vegdirektoratet/Statens vegvesen får augo opp og tar tak i det er det berre ein ting å gjere om fem nye år: Handle inn rikeleg med garnnøster, lære seg å strikke, ha klar dagens avis og lade opp mobilane slik at «timane går» (tungt å seie for ein som vil ha ned mobilbruken). Einaste fordelen med fem dagar på skulebenken var at nokon var heldige å få nye sokkar, opptil fleire par. 

Er det slik Norge skal bli (er)? Kva kostar ikkje dette av tid, pengar og energi? Og så er mesteparten av kurset alt anna enn formålstenleg. Nei vi må vere meir kvalitetsbevisst enn som så!

Til slutt: Honnør til fleire av instruktørane på kurset. De gjorde dykkar beste! Feilen ligg ikkje hjå dykk, men systemet er «hiv-hakkande-gale» .

Landet rundt

Landet Rundt  skal speile de beste artiklene fra Amedia-avisene i Norge.

GD legger ut flere saker for å gi våre lesere et innblikk i nyheter, hendelser og kuriøse saker fra Landet Rundt. Derfor finner du kanskje en sak fra Tromsø, Gjøvik eller Fredrikstad på GD.no.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags