Skjønar GD viktige spelereglar?

Foto:

Av
DEL

Lokale nyheter – 5 kr for 5 uker

leserinnleggGD-leiaren «Iskald rovdyrfront» er oppsiktsvekkjande, avdi avisa avslører manglande forståing for grunnleggjaende demokratiske mekanismar og spelereglar.

Heile rovviltnemnda i Hedmark, og medlemer/varamedlemer frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og KrF i rovviltnemnda i Oppland har lagd ned verva sine, i protest mot at minister Helgesen har desavuert lisensjaktvedtaka i rovviltnemndene, og med det heva seg over Stortingsvedtaket «Ulveforliket».

Heile rovviltnemnda i Oppland har vore samla, både om ulv og øvrige saker, i årevis. Men då Helgesen sette Stortinget til side fylgde ikkje Høgre og Frp partifelagane sine i Hedmark. Høgre-representanten Jønnes og varamannen Korshavn er tvert om blitt sitjande, i solidaritet med partivenen sin, minister Helgesen. Frp-representanten Diserud trakk seg frå nemnda etter å ha nølt i lang tid.

Diserud la altså, i motsetnad til oss andre, ikkje ned vervet sitt, men trakk seg. Med det opna han fullt medviten for at minister Helgesen istadenfor Diserud kan oppnemne ein representant som ikkje bryr seg om stortingsvedtaket.

Me andre har ikkje trukke oss frå verva våre. Me er oppnemnde av Miljødepartementet, på tilråding frå Fylkestinget, for å forvalte rovviltet i Oppland innan sers tronge rammer og med lite handlingsrom. Når me no har lagd ned verva våre, er det ikkje avdi me har gått lei. Det er tvert om avdi me tek ansvaret vårt på det ytste ålvor. Ansvaret er gjeve av Stortinget. Som sagt tyder det stramme rammer og lite handlingsrom. Men når ministeren på eiga hand, og i strid med Stortinget sitt vedtak, set til side lisensjaktvedtak i fleire rovviltnemnder – vedtak som heilt og halde forheld seg til Ulveforliket Stortinget har vedteke – då er det ei plikt for rovviltnemndene å krevje respekt for si eiga rolle.

Det gjer me ikkje ved å gå frå verva våre. Det gjer me ved å leggje dei ned, og varsle at me tek dei opp att straks rovviltnemndene fær det handlingsromet i ulvespursmål som Stortinget har vedteke at rovviltnemndene skal ha.

Dette kan i eitt og alt samanliknast med plassfråtreding under streik. GD skriv at det ryddige er å gjera som Olaf Nils Diserud og trekkje seg frå nemnda. GD må skjøna at det tyder å opne for at minister Helgesen kan erstatte oss med folk som vil danse etter pipa hans – hvis han finn eit fylkesting som er viljug til å leite opp slike for han, og hvis slike er å finne.

Dette er det same som om GD hadde sagt til alle som måtte hamne i lovleg streik at dei får sjå til å slutte og streike, og seie opp jobbane sine istaden. Det er det same som å seie at det er heilt greitt å leite fram streikebrytarar til å erstatte dei streikande.

Det er ikkje nok å handsame dette som eit polemisk tema, GD. Korleis ei leiande avis som GD forheld seg til streik og tilsvarande aksjonar er avgjerande for det offentlege ordskiftet i GD sin region. GD får ta ansvar no, og avklare synet sitt på dette.

Nordgreen Ragnar

Oppnemnd medlem av Rovviltnemnda i Oppland

Lillehammer

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags