Gleda ved å reise på setra med kyrne blir til dels erstatta med ei kjensle av angst

Foto:

Av
DEL

Lesarinnlegg
Det nærmar seg beiteslepp. Husdyra lengtar til utmarka, og utmarka stundar på dyra. Men det har vorte slik at eg blir meir og meir betenkt i forhold til å nytte utmarka.

Det blir tynnare og tynnare i rekkjene av folk som veit korleis dei skal forholda seg til husdyr på utmarksbeite. Eg har vorte meir merksam på at husdyra stadig vekk mister delar av rettigheitene sine på utmarksbeite. Dei blir pressa og skada og endatil drepe. Det er hyttebygging, turgåarar, og biltrafikk, og rovdyr.

Hyttebygging legg beslag på beitemark, og dreg folk som ikkje vil ha husdyr i nærleiken, berre langt borti horisonten ein stad. Det er turgåarar som går får nær kuflokkar, og med bikkje endatil ...

Det er vegar, som før har vore ein "snill liten seterveg" som blir bygd ut til livsfarlege autostradaer, der bilistane får lov å køyre i 80, noko som fører til at det blir køyrt i både 90 og 100. Desse vegane blir og brukt av syklistar og rulleskibrukarar, eg har sett stygg jaging og skremming av dyra når desse kjem i full fart. Og rovdyra, dette veit vi alle.

I seterområdet mitt, sommaren 2018 vart det påkøyrd 8 sauer, 4 drepne og 4 vart ikkje ein gong varsla om. Eine søya vart påkøyrt av ein større bil, og berre "klint" utover vegen. Dette opprører meg svært sterkt. Eg har og fått påført skader på fleire av mine egne kyr. 
Eg veit at dette ikkje er eineståande tilfelle. Eg veit dette er eit problem svært mange plassar.

Hausten 2018 gjorde eg eit forsøk på å melde Statens vegvesen til politiet for at dei ikkje ivaretek dyrevernlova § 3.

§3 Generelt om behandling av dyr; "Dyr har egenverdi uavhengig av den nytteverdien de måtte ha for mennesker. Dyr skal behandles godt og beskyttes mot fare for unødige påkjenninger og belastninger."

Eg meiner at ein del ting som skjer på utmarksbeite er brot på denne regelen. Sjølvsagt vart denne anmeldelsen anka, og klaga forkasta. Og berre lokalavisa tok seg bryet verdt å laga oppslag om det.

Ein ser stadig vekk att husdyra har eit enormt forsvarsverk i forhold til eigaren sin, der er dei påpassa over ein lav sko. Slik fungerer det ikkje på utmarksbeite. Vi får berre beskjed om å passe på dyra våre. Det gjer vi og, til stadigheit. Men ein kan ikkje fotfølgje dei døgnet rundt.

Eg kjenner at gleda ved å reise på setra med kyrne blir til dels erstatta med ei kjensle av angst. Og eg kjenner dette gjer noko med meg som ikkje er godt å bæra.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags