DNT og fornybar vasskraft

I Glitterheim kan CO2-utslepp frå dieselaggregatet enkelt fjernast med eit minikraftverk i Steinbuelva. Vågar DNT å foreslå eit fornybart vasskraftverk i nasjonalparken eller er det best å fortsette som før med CO2-utslepp frå fossil kraftproduksjon? spør Odd Jan Hølmo.

I Glitterheim kan CO2-utslepp frå dieselaggregatet enkelt fjernast med eit minikraftverk i Steinbuelva. Vågar DNT å foreslå eit fornybart vasskraftverk i nasjonalparken eller er det best å fortsette som før med CO2-utslepp frå fossil kraftproduksjon? spør Odd Jan Hølmo. Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg

I Fjell og Vidde nr. 5 las vi at redaktøren er svært kritisk til fornybar vasskraft og at styreleiaren angrar på at han ikkje engasjerte seg meir i Alta-aksjonen. Største naturvernsaka framover er kampen mot vindkraft.

I Norge er 98 % av straumproduksjonen fornybar, med fornybar vasskraft på 96 %. Vi er nok det einaste landet som har denne fordelen. I heile verda blir berre 25 % dekt fornybart. Heile Europa skrik etter fornybar straumproduksjon og misunner oss vår fornybare vasskraft, som dessutan har unik reguleringsevne samanlikna med andre produksjonskjelder.

Redaktøren er lei seg for at fornybar vasskraft har øydelagt mykje natur. Dersom folk opplever dette som negativt, skulle ein tru at talet på fjellturistar går ned. Auka besøk på DNT sine hytter tyder på det motsette – medlemmene går på tur likevel. Eg har forresten aldri hatt noko problem med å finne mange gode turmål i fjellheimen sjølv om eg er for fornybar vasskraft.

Verda sitt største klima- og miljøproblem er CO2-utslepp (FN sitt klimapanel) og svært sentralt er CO2-utslepp frå fossil kraftproduksjon der kol, diesel og gass er brennstoff. På Skogadalsbøen, Gjendebu, Glitterheim og Rondvassbu derimot brenn DNT mange titals tusen liter diesel. Besøkjande DNT-medlemmer set stor pris på å få varm dusj og kald pils, men få tenkjer over at energien kjem frå dieselaggregatet med CO2-utslepp. Kvifor kritiserer DNT fornybar vasskraft når dei sjølve driv med fossil kraftproduksjon? Kvifor ringer ikkje miljøbjøllene hos DNT når dette skjer midt inne i våre nasjonalparkar?

I Glitterheim kan CO2-utslepp frå dieselaggregatet enkelt fjernast med eit minikraftverk i Steinbuelva. Vågar DNT å foreslå eit fornybart vasskraftverk i nasjonalparken eller er det best å fortsette som før med CO2-utslepp frå fossil kraftproduksjon?

Lokalavisa GD fortel at DNT har montert solceller på Gjendesheim, som er eit svært kostbart anlegg og som dekkjer svært lite av straumforbruket. Det hadde blitt større miljøgevinst med minikraftverk i Glitterheim i staden for solceller på Gjendesheim. (DNT Gjendesheim har alltid fått straum frå fornybar vasskraft)

Auka medlemstal hos DNT fører til større besøk på fjellhyttene og auka biltrafikk. Er DNT bekymra for auka CO2-utslepp frå denne aukande bilbruken?

Meininga med innlegget mitt var å få fram at DNT med sin motstand mot fornybar vasskraft driv med dobbelmoral. Eit kjent ordtak seier at ein ikkje skal kaste stein når ein sjølv sit i glashus.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags