Kva kan vi i 6.klasse på Dombås gjere med folkeskikk? Vi kan oppføre oss sjølve, og vere gode rollemodellar

Første rekke f.v.: Ehab Alhosen, Elias Brekken Voll, Aurora Snipen Bakken, Tobias Haug, Amina Uv, Bertine Svendsgard, Jonathan Nerland og Bjørner Selsjord.
Andre rekke f.v.: Alida Engen Berg, Anna Korsen Faksvåg, Ask Aspehol, Rein Arnekleiv, Emil Dalum Bakkhaug, Nikolai Slåen, Jonas Hage og Even Skålgård.

Første rekke f.v.: Ehab Alhosen, Elias Brekken Voll, Aurora Snipen Bakken, Tobias Haug, Amina Uv, Bertine Svendsgard, Jonathan Nerland og Bjørner Selsjord. Andre rekke f.v.: Alida Engen Berg, Anna Korsen Faksvåg, Ask Aspehol, Rein Arnekleiv, Emil Dalum Bakkhaug, Nikolai Slåen, Jonas Hage og Even Skålgård. Foto:

Av
DEL

Leserinnlegg
Vi i 6.klasse på Dombås skole har sett oss lei på dårleg folkeskikk blant unge og vaksne i dagens samfunn. Derfor skriv vi om det vi meiner er eit gryande samfunnsproblem.

Korleis skal vi forklare kva folkeskikk er? I følge ordlistar er folkeskikk sømeleg framferd og skikker på ein bestemt stad. For oss er folkeskikk å syne respekt, vere snill med andre, ikkje mobbe, oppføre seg fint, akseptere grenser og ikkje berre tenkje på seg sjølv. Ikkje vere frekk, ikkje prate med mat i munn og ikkje baksnakke. Ta kvarandre i handa når vi helsar, si hei og høyre på når andre pratar. Alt dette er noko vi lærer i oppveksten, av vener, familie og på skulen. Men kvifor er det slik at så mange ikkje greier å akseptere dei grensene som er sett for oss?

Vi meiner det er foreldre sitt hovedansvar å sette grensene for oss. Dei skal lære oss kva som er god oppførsel og kva som ikkje er det. Men andre vaksne skal også kunne ha grenser for oss. Anten det er lærarar eller trenare/frivillige på fritidsaktivtetar. Og vi skal respektere dei grensene. Ei grense, reglar og lover er der av ein grunn. Sjølv om vi kan vere ueinge i ein del av reglane som vi har heime no, vil vi vere glade for at vi hadde det når vi blir vaksne. Trur vi. Og ja. Det er foreldra sitt hovudansvar at vi har grenser. Men det er VÅRT eige ansvar og passe litt på sjølv.

Det har vore mykje stygg prat på internett og sosiale medier. Fleire opplev å bli mobba på internett. Internett har vorte ein fristad for dei som ikkje tør å seie noko ansikt til ansikt, men heller vil gøyme seg bak ein dataskjerm. Vi meiner at regelen for korleis ein skal oppføre seg på internett er enkel: Du skal behandle menneske på ein god måte på internett og sosiale medier, og du skal heller ikkje skrive noko du ikkje ville sagt til ein anna person. Dette gjeld både barn og vaksne. Hugs at du aldri er usynleg på internett.

Kva slags forbilde og rollemodellar har vi? Foreldre og andre vaksne er våre første rollemodellar. Derfor er det viktig at foreldre går framfor med eit godt eksempel når det gjeld oppførsel og korleis vi skal vere i samfunnet. Men når vi kjem i puberteten endrar dette seg. Da er det våre vener vi ser opp til og som er med på å gjere oss til den personen vi blir. Derfor er det også viktig kven som blir dine venner.

Vi blir også påverka av kjendisar, andre offentlege personar og sosiale medier. Ta eksempelvis vår finansminister Siv Jensen som heldt ei tale der ho sa følgende: “Knus de jævla sosialistene”. Vi meiner dette er definisjon på dårleg folkeskikk. I tillegg så gjekk vår folkehelseminister, Sylvi Listhaug, ut med denne uttalelsen: “La folk røyke, drikke og spise rødt kjøtt”. Som folkehelseminister meiner vi dette er ei utsegn ho ikkje burde kome med, da ho skal vere ein god rollemodell når det kjem til folkehelse. Det er faktisk hennar plikt og ansvar som minister!

Realitypersonar skaper haldningar og har stor påverknad på barn og unge. Barn ned i lav alder ser på at dei kallar kvarandre “bitch”, “hore” og andre ukvemsord. Desse orda og mindre smarte omgrep blir ein del av daglegtala vår. Og vi ser at realitypersonar med god oppførsel blir stemt ut, fordi dei har FOR god folkeskikk. Kvifor er det slik? Jo, folk elskar drama, og syns det er god underhaldning. Tenk at det er desse personane som er med på å styre folkeskikken i samfunnet vårt, også blant vaksne.

Kva kan vi i 6.klasse på Dombås gjere for å endre dette? Vi kan oppføre oss sjølve, og vere gode rollemodellar. Vi vil ta meir omsyn til kva vi skriv på internett og på sosiale medier. Vi ynskjer å få med oss fleire på å ta tak, og få respekt for kvarandre. Vi vil sende vår meining til TV-kanalar som viser program som har negativ påverknad på folkeskikk, og håpar at dei heller viser program med gode rollemodellar. Dei kan heller vise program som gir meining!

Vi oppmodar folk til å vere hyggelege, vise respekt for kvarandre og ha god folkeskikk. Vi vil ha attende god folkeskikk i samfunnet, og da må alle hjelpe kvarandre med det! Vi vil ha slutt på at menneske trykkar andre ned for å heve seg sjølv, men heller hjelpe kvarandre med å bli den beste versjonen av seg sjølv.  

Helsing 6.trinn, Dombås skole

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags