Bispevisitas, jubileum og kalas i Dovre

FEST - UTEN KALAS: Det blir fest, men intet kalas, når biskop Solveig Fiske besøker Dovre i desember, skriver Guri Ruste.

FEST - UTEN KALAS: Det blir fest, men intet kalas, når biskop Solveig Fiske besøker Dovre i desember, skriver Guri Ruste. Foto:

Av
DEL

Leserinnlegg
Etter GD sitt oppslag der kommunestyrerepresentant Gunvor Gauteplass er sitert på sitt utspel om kor stort kalas det er nødvendig å ha for eit kyrkjejubileum og ein bispevisitas, er det nødvendig med presisering.

Kyrkjene, kyrkjegardene og den daglege drifta har siste åra vore gjennom ei beintøff innsparing. Det vart brukt eksterne fagfolk som kjenner Den Norske Kyrkje til å gå gjennom heile drifta. Råda han gav vart fulgt opp av rådet og gjennomført. Vi har redusert stillinger, vi har omfordelt oppgaver, vi har redusert møter og representasjon, vi har gått gjennom abonnement og lisenser, og spart der det går an å spare. Ei innsparing vi ikkje hadde klart utan lojale, dyktige tilsette og dei mange, mange frivillige. Det har vore knallhard budsjettdisiplin og som eit døme kan nemnast at innkjøp og montering av nytt kyrkjeorgel i Dombås kyrkje trefte omtrent på krona i høvet til budsjettet. Eit orgel vi kan være stolte av og som vi fekk på plass i godt samarbeid med Dovre kommune. Med nytt orgel er og renoveringa av Dombås kyrkje ferdig, etter over 30 års planlegging og finansiering.

Dovre Kyrkjelege Råd har vore lojale i høve til det vi har vore oppfordra til fra både administrativ og politisk leiing i Dovre kommune.

Kyrkjeleg råd har eit medlem med tale- og stemmerett fra politisk leiing i Dovre kommune. Han sit og i arbeidsutvalget til kyrkjeleg råd og bidreg konstruktivt i diskusjoner og vedtak. Han deltok også i dialogmøte 6. september med ordfører og rådmann, der det vart einigheit om at ein søknad om ekstrabevilgning var riktige måten.

Så kva var tilleggsbevilgningen tenkt brukt til:

1. Eysteinkyrkjejubileet. Det er tenkt ulike arrangement gjennom heile sommersesongen. Jubileet skulle åpnast med konfirmasjon pinsehelga med første konfirmantene i kyrkja si historie. Jubileumshelg med høgtidsgudsteneste på dagen 50 år etterat kyrkja vart vigsla. Jubileet er tenkt avslutta med prostidag i Eysteinkyrkja sidan det er Dovre sin tur til å arrangere prostidagen. Det er tenkt konserter, foredrag, samling av bilder og historier samt eit jubileumshefte. Serveringa er tenkt særdeles enkel med suppe til alle på laurdag etter høgtidsgudstenesta. Altså ikkje noko kalas med høge kanapeer og sprudlevann, men med store sjanser for underskot på konserter og arrangement.

2. Kyrkjevalet er eit offentleg val på linje med kommune- og fylkestingsvalet. Dovre kommune veit kva det koster å gjennomføre val. For Kyrkjeleg Råd sin del er det krevande nå fordi staben er så redusert.

3. Elektronisk arkiv er heller ikkje noko råflott og kyrkja har strenge krav til arkivteneste og personvern. Det er heilt nødvendig å få dette på plass og vil på sikt vera eit bidrag til innsparing.

4. Bispevisitasen er på linje med eit Fylkesmannstilsyn i kommunen. Det er formelle dialogmøter med administrativ og politisk leiing i kommunen, barnehage, skoler, næringsliv, helsestasjon mm. Rådsleiar og kyrkjeverge følger Biskopen rundt og har og møter om kyrkja sin situasjon. Det hadde vore hyggeleg å kunne spandere litt mat undervegs slik at gjestene ikkje treng å ha med seg niste.

Bispevisitasen er 3. til 8. desember 2019 og det krev ein del planlegging før som vil medføre ein del kostnader.

Kyrkjeleg Råd skal nok klare noko av dette, men det vil gå ut over andre ting som t.d. vedlikehald på kyrkjene våre. Kyrkjeleg råd har ein vedlikehaldsplan som viser behov for tiltak både på Eysteinkyrkja og Dovre kyrkje. Dovre kyrkje er hovedkyrkja i Dovre, bygd i 1736 og vigsla i 1740. Kast eit blikk på inngangen ned mot Kongsvegen, så ser dykk eit av behova.

Kyrkjene i Dovre står sterk i lokalsamfunnet. I 2018 deltok 6200 mennesker på kyrkjelege handlinger og gudstenester. 530 på våre konserter og 8300 besøkte våre sommeråpne kyrkjer.

Som rådsleiar nytter eg høve til å takke alle frivillige, bygdefolket, dei tilsette og rådet for det store arbeidet og støtta dykk gje. Og til dei av dykk som får spørsmål om å stå på liste ved soknerådsvalet, si ja. Det er både sosialt, lærerikt og gjevande arbeid. Og samarbeidet med kommunen er langt bedre enn referatet om stemninga på kommunestyremøtet 11. mars skulle tilsi. Dovre er ei kyrkjevennleg kommune.

LES OGSÅ: Søkte om 340.000 kroner til kirkefest - fikk avslag 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags