Det burde vore ein regel for kor mange dyr eit menneske skal ha ansvar for

Rom for litt friheit og individomsorg!

Rom for litt friheit og individomsorg! Foto:

Av
DEL

Leserbrev
Det er så mykje prat om dyrevelferd, men eg vil kalle det for individvelferd. For blir ikkje brukaren i husdyrproduksjon teke godt nok vare på, så går det ut over dyra. Det seier seg sjølv.

Svært mange husdyrbønder har vorten stengt inn i eit lite rom, visuelt sett. Eit lite rom av fire veggar, der eine veggen er ein glasvegg.

Ein vegg består av rå og hensynslaus politikk. Ein vegg består av alle krav og endringar som krev ekstrem tilpassing. Tredje veggen består av diverse aktivistar, (ekstreme dyrevernere, veganere, rovdyrforkjempare osv). Den fjerde veggen, glasveggen som skal gje husdyrbonden utsyn, skal fungere meir som innsyn, for alle skal sjå kva du driv med. Du er ikkje herre i ditt eiga hus, så utruleg mange meiner dei veit korleis drifta di skal væra, kva god dyrevelferd er.

Denne glasveggen blir smalare og smalare, for dei tre veggane som ein burde ha som vern, pressar seg alle innover og gjer rommet mindre, og utsynet forsvinner. Er det rart det blir kriser både for folk og fe?

Men kva er nå bakgrunn for at det har vorte slik, kven har skylda? Eg vil dele skylda på 4 "instansar" :

Rådgjevingsapparat, bonden sjøl, matbutikkjeder, forbrukarar.


Både rådgjevningsapparatet, butikkjedene og forbrukar tenkjer lite eller ingenting på at i matproduksjon basert på husdyrhald så er det levande individ det dreier seg om. Det er levande individ som skal prestere, og det har i lang tid vore for lite fokus på akkurat dette. Alle individ har ei grense for prestering, anten det er røktar eller mjølkeku, grispurke, søye eller høne for å nevna noko. For mykje vektlagt effektivisering er skjeldan bra for individene.

Eg har i mange år, veldig mange år, tenkt at i husdyrproduksjon burde det vore ein regel for kor mange dyr eit menneskje skal ha ansvar for,- på samme måte som i skular og barnehager. Kun på denne måten tenkjer eg at alle individ vil bli bedre teken vare på, og få tilstrekkeleg omsorg, både dyr og folk.
Det er ikkje så vanskeleg og forstå at ein utsliten og fortvila gardbrukar ikkje greier og prestera heilt topp.

Rådgjevingsapparatet har i årevis kun tenkt effektivisering og lønnsomheit ---- meir og meir ---- større og større.
Og menneska er nå eingong ofte ikkje bedre en at dei lar seg lokke av dette. Dei blir freista av draumen om å bli stor - rik og mektig. Det ligg i svært mange mennesker sin natur. Eg skal ikkje seia meir om det, anna en at det skal ryggrad av jern til for å mester dette, --- ofte. Men det skal og ei ryggrad av jern til for å mestre det motsatte. Det å vera litt meir smålåten, det å krevja litt mindre, det å skapa seg eit liv som gjev rom for å leva litt mellom kvardagsleg slit. Akkurat det trur eg det er meir rom for når du har litt mindre å ha hugsott for, litt mindre gjeld, litt mindre i ryggsekken som ein alltid har med seg som bonde.
Eg tenkjer at her må rådgjevningsapparat leggja om strategien sin og ta med ein individrubrikk i rådgjevningslistene sine. Det må vera plass for individomsorg i framtidig planlegging.

Når det gjeld forbrukar så tenkjer eg at mange her og kunne skruvd ned sine eigne krav eit par hakk. Laga sine eigne budsjett på ein slik måte at dei legg større andel av økonomien sin i matpotten, og leitar opp ekte norsk mat. Boikott litt av maten vi får kjøpt fra matkjedebutikkar. Så lenge dei store matkjedene framtrer slik som dei gjer, har eg tru på å styrke både andelslandbruk og rekoringar. Slik som verda har blitt har eg fått meir og meir tru på desse ordningane.

Eg er sjølv Tine- og Norturaleverandør, og vi treng desse aktørane. Men eg er og sikker på at vi treng slik som rekoringar og andelslandbruk. At forbrukar kjem nær produsent og produksjonsstad trur eg vil ivareta enkeltindivida bedre og. Kontakt og gjensidig omsorg skader ingen.

Anne Ragnhild Korsvold Saglien, gardbrukar, Nord-Fron

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags