Regjeringa set over fem milliardar kroner i spel

VERDIAR: Beskatning av vasskraftverk skal vurderast. Milliardbeløp står på spel dersom norske vertskommunar risikerar å miste verdiar, skriv Ola Helsdtad. Biletet er frå Rostendammen.

VERDIAR: Beskatning av vasskraftverk skal vurderast. Milliardbeløp står på spel dersom norske vertskommunar risikerar å miste verdiar, skriv Ola Helsdtad. Biletet er frå Rostendammen. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

DEBATT 

I statsråd 22. juni vart ekspertutvalet som skal vurdere beskatning av vasskraftverk oppnemnt. Utvalet skal levere innstilling innan 1. oktober 2019.  Norske vertskommunar har stilt sin naturkapital til disposisjon for storsamfunnet  til produksjon av miljøvenleg og fornybar vasskraft. Som sin rettmessige andel av denne verdiskapinga har kommunane i over hundre år mottatt kompensasjon i form av ulike ordningar som Stortinget har stilt seg bak. 

Ola Helstad

Rådmann i Sel kommune
Landsstyremedlem i Landssamanslutninga av vasskraftkommunar

Forutsigbarheit er avgjerande for å ha med kommunane på laget for å nå fornybarmålsettinga, der norsk vasskraft er unik i europeisk samanheng.  I 2018 dreier kompensasjonen til norske kommunar seg om i overkant av 5 mrd kroner. Inntektene kan nyttast til tenesteyting og velferdsproduksjon til innbyggjarane  innan t.d. barnehage, skule og pleie og omsorgstenester. Inntektene er og vesentlege for lokal sjølråderett og lokaldemokrati.

Når regjeringa, på tross av fleirtalet i Stortinget,  likevel tillet seg å gje omfattande mandat til ekspertutvalet, er det all grunn til å vera vaken og å ta i vare kommunane sine interesser. Ein kan fort tenke at denne innarbeidde og fungerande modellen blir erstatta av at verdiskapinga innan området i enda større grad blir sentralisert og disponert etter andre prinsipp og med annan fordelingsmekanisme. Ein kan vanskeleg sjå at det blir etter distriktskommunane sine interesser.

Det er nærare 200 kommunar som er vertskap for kraftutbygging. Desse kommunane har over tid opplevd fleire angrep på sine rettmessige inntekter. Fleire tiltak, eller mangel på tilpassingar dei siste åra har ført til at mange kommunar fått redusert  sine inntekter frå kraftsektoren.  Staten derimot har auka sine samla inntekter frå kraftsektoren.

At kraftbransjen etterlyser forutsigbarheit og fokus på eige skattetrykk er forståeleg. Ikkje minst er dette viktig i høve framtidige investeringar og moderniseringar innan bransjen.  At komplisert regelverk og enkeltordningar har rom for forenklingar er det heller ikkje tvil om.  Det blir forhåpentleg fokus på dette i ekspertutvalet.

At Regjeringa gjev eit ekspertutval eit så vidt mandat til å vurdere viktige inntektsordningar for kommunesektoren utan representasjon frå kommunane, gjev grunnlag for sterk kritikk. Utvalet har fått i sitt mandat å gå gjennom heile kraftskatteregimet, og i tillegg dei konsesjonsrettslege ordningar om retten kommunane har til  til konsesjonskraft og konsesjonsavgifter.

Dette er ein alvorleg situasjon – og egentleg overraskande  - når ein veit at ein samla energi- og miljøkomite så seint som i 2016 konkluderte slik:

«Komiteen viser til at formålet med konsesjonsordningene er å sikre vertskommunene en andel av verdiskapningen som vannkraftutbyggingen gir opphav til, og vertskommunene bidrar gjennom avståelse av naturressurser til denne verdiskapningen. Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti, Venstre og Sosialistisk Venstreparti, mener at dagens konsesjonsordninger fungerer etter intensjonen, og mener derfor et utgangspunkt for en eventuell gjennomgang av ordningene i et ekspertutvalg må gjøres innenfor en provenynøytral ramme for alle berørte.»  Dette må oppfattast som ei tydeleg ramme for ekspertutvalet.

Dei andre partia forsterka dette slik:

«Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet De Grønne (…) vil understreke viktigheten av at den norske vannkrafttradisjonen videreføres, slik at lokalsamfunn som stiller sine naturressurser til disposisjon for vannkraftproduksjon, får en del av skatteinntektene. Inngrep i naturen skal gjøres med forståelse og aksept fra berørte lokalsamfunn også med endret teknologi for utnytting av vannkraft.»

Stortingsflertallet, bestående av dagens regjeringspartier med tillegg av KrF og SV slo fast at «dagens konsesjonsordninger fungerer etter intensjonen», og fremholdt at en eventuell gjennomgang i et ekspertutvalg «(..) må gjøres innenfor en provenynøytral ramme for alle berørte.»

Dette førte til at Olje- og energiministeren ikkje valde  å sette ned ekspertutval for å se på desse ordningane i 2016. Når Regjeringa til tross for dette ber det nye ekspertutvalget vurdere dette på nytt, må ein legge til grunn at  føringane frå fleirtalet på Stortinget ga for to år sidan blir ei rettesnor for arbeidet i utvalet.

Om ikkje det skjer kan mandatet og arbeidet stå fram som fånyttes.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags