Verre kan det bli om vi ikkje tek fatt i klimautfordringa

ANSVAR: Dei nye regionane bør få meir ansvar og fleire opphåver i samband med flomtiltak, skriv Ola Helstad.

ANSVAR: Dei nye regionane bør få meir ansvar og fleire opphåver i samband med flomtiltak, skriv Ola Helstad. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

DEBATT 

For kort tid attende gjekk Fylkesberedskapssjefen i Oppland ut og ba opplendingane om å vera budde på storflom. Han fekk rett. På nytt har dei mest furete, værbitte, vassførande og dertil sårbare dalane i landet vårt  vorte ramma av flaum. Offentlege aktørar, ikkje minst kommunane, har tatt sitt forventa og sedvanlege ansvar.

Ein kan på nytt merke seg at kommunane handterer naturgjevne krisesituasjonar på ein framifrå måte. Kommunane veit at slike utfordringar vil oppstå med jamne mellomrom, og har trena på å løyse oppgåvene sine saman med andre. Vidare er dette ein konsekvens av tydeleggjering av ansvar som er gjort dei seinare åra. Her og er det vanleg at kommunen har og får eit utvida ansvar.

Ola Helstad

Administrasjonssjef Lom kommune

Basert på hendingar og erfaring frå dei siste åra er det naturleg å utfordre på om samfunnet er tilstrekkeleg og godt innretta for å løyse denne utfordringa. Det er, og har vore, godt kjent at klimaendringane fører til eit villare og våtare land med endra nedbørsmønster og ekstremnedbør. Opplagt konsekvens er fleire både forutsette og uforutsette hendingar med flaum og skred som utløyser fare for liv og helse og betydeleg skade på verdiar elles.

Erfaringa frå naturskader er at det kostar fem-seks gonger meir å reparere enn å forebygge. Fylkesberedskapssjefen vurderer prisen pr. flom i 2011 og 2013 til kr 1 milliard. Da er reknestykket enkelt. Grunnlag for omforeinte prioriteringar er forstått.

Etter flaumen i mai i år uttrykker forsikringsbransjen frustrasjon over manglande gjennomføring av førebyggande tiltak for  reduksjon av  skadeomfanget. Sidan 2010 har forsikringsbransjen betalt ut kr 735 millionar i erstatningar etter flaumskader i Hedmark og Oppland.

Dette utgangspunktet gjer det naturleg å utfordre overordna fokus og prioriteringar. Det er opplagt at det vil vera samfunnsøkonomisk fornuftig å forebygge framfor å reparere. Dette er ei rein økonomisk og samfunnsnyttevurdering. Positiv og ynskd tilleggseffekt er at folk vil kjenne seg tryggare.

KS har nyleg gjennomført kartlegging av kva kommunane ser som dei største utfordringane med klimatilpassing. Dei viktigaste funna  er at overvatn, bemanning og kompetanse til planlegging og gjennomføring av tiltak og økonomi blir vurdert som mest utfordrande. KS peikar og på at det ikkje finst forsikringsordningar som dekkjer gjenoppbygging av offentleg infrastruktur.

I slike tilfelle er det kommunane sjølve, delvis prisgjeve velvilje frå staten gjennom skjønnsmidlar, som må dekke kostnadane. 90 prosent av kommunane ser behov for styrking av statlege finansieringsordningar for klimatilpassing. Det har unisont vore påpeikt gjennom mange år. I inneverande års statsbudsjett er det sett av 350 mill. kr til planlegging og gjennomføring av sikringstiltak. Dette gjeld heile landet.

NVE har sjølv vurdert utgiftene til sikring mot flaum i Hedmark og Oppland til om lag kr 400 mill. Det seier seg sjølv at vi, med nåverande regime, i overskueleg framtid må leva med unødig høg risiko.

Mange statlege aktørar skal ha sitt ord med i laget og kan enkeltvis påverke framdrift og gjennomføring av sikringstiltak. Desse blir ikkje alltid opplevd til å vera tilstrekkeleg synkronisert. Vi må tillate oss å vurdere om det er andre måtar å organisere og innrette planlegging og gjennomføring av sikringstiltak på?

Er det lov å lansere ein tanke om at dei nye regionane får tillagt denne oppgåva? Med tilstrekkeleg kompetanse og tildelt økonomisk handlekraft, vil regionens nærheit til, og forståing for utfordringane, kunne føre til styrking av  sikringsarbeidet. 

Planrelasjonane mellom fylkeskommunen og kommunane er godt etablert. Kjennskap til og kunnskap om klima og landskapet kjem tettare på, og kan tenkjast å føre til større handlings- og gjennomføringskraft enn tilfellet er i dag.

Grunnlaget må vera nærheit, kunnskap og tilstrekkelege ressursar. Dette er i fall å gå motsett veg enn dei fleste tek til orde for ved at staten skal auke sin innsats. Det er sjølvsagt eit godt alternativ. Uansett må det til konsentrert og forsterka innsats med auka ressursar for realisering av opplagte, fornuftige framtidsretta samfunnsinvesteringar. Utfordringa er for stor til at ein kan håpe på betre vær.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags