Oppdemming av fjellvatn som flomdempingstiltak

Av
DEL

debatt 

Gudbrandsdalen er rik på fjellvatn som i større grad må inn i flomsikringsarbeidet. Ole Johan Kolseth, Eivind Bergseth og underteikna har foreslått at «Fjellvatn som fordrygingsbasseng» blir prioritert i oppfølgingsarbeidet rundt regional plan for Gudbrandsdalslaugen, og som aktuelt PHUSICOS-tiltak.

Enkel oppdemming av fjellvatn kan samle opp store nedbørsmengder, og vatnet vil bruke lengre tid ned til dalbotn. Jordbruksvatning og auka magasin for vasskraftproduksjon kan bli viktige tilleggsfunksjonar.

Store og plutselege nedbørsmengder og flom er nå vanleg, og det er all grunn til å tru at dette vil fortsette.

Kvar flom gir stor skade på dyrka mark, offentleg infrastruktur, bygg og anna eigedom. Framover må det derfor finnast fleire tiltak som kan redusere skadeomfanget – både i sideelvene og i Gudbrandsdalslaugen. Tiltak som kan dempe eller forsinke store nedbørsmengder vil vere effektive tiltak med svært få negative konsekvensar.

Kartlegging av aktuelle område i kommunane, potensial og effekt, utgreiing av ulike løysingar, gjennomgang og forenkling av aktuelt regelverk, m.m. er naturlege område som bør inngå i eit slikt arbeid.

Tørkesommaren 2018 minna oss alle om kor avgjerande viktig jordbruksvatning er. Høge straumprisar fører til høge driftskostnader for straumbaserte vatningsanlegg. Trykkvatn frå fjellvatn vil koste lite til samanlikning. 

Eksempel kan vere Høgsetertjønna i Nord-Fron. Den 70 daa store tjønna vart oppdemt i 1915-16, og demninga/overløpet vart betydeleg forbetra og sikra i 1985 – etter fleire rundar i NVE før restaureringsplanane vart godkjent og ikkje underlagt offentleg årleg ettersyn.

Møgla renn frå Høgsetertjønna, med 3 enkeltinntak for vatningsanlegg som leverer 8–12 kg trykk inn på vatningsmaskinene. I 2018 vart 700 daa vatna konstant i 3 månader med 5 vatningsmaskiner.

Frå Avstjønna i Nord-Fron renn Sula, som har brukt til vatning i 300 år. Veitrer frå Sula som leia vatnet ut på jordbruksareal finst det tydelege spor etter den dag i dag.

Avstjønna er 300 daa, og kan nedtappast med 1 m. Det gir vatningsvatn til gardane i Sødorp, og totalt kan 1 000 til 1 500 daa vatnast.

Skurdalsåa i Sør-Fron er eit anna eksempel – der flom trugar bustadar og anna eigedom, skule og barnehage, kommunale og fylkeskommunale vegar, ny E6, og dyrka mark.
Ulbergsåa, Kolobekken og Augla er andre eksempel.

Lom og Skjåk har lange tradisjonar når det gjeld vatning. Tørkesommaren 2018 fekk svært mange i Lom og Skjåk gode avlingar fordi vatningssystema er godt utbygde og vedlikehaldne, og det var svært få søknader om avlingsskade desse kommunane.

Nokre sideelver med tilhøyrande fjellvatn er regulert gjennom konsesjonar. Nokre er nyleg utbygd, og nokre er i planleggingsfasen. Det vil opplagt vere interessant å kunne bruke fjellvatn som magasin for vasskraftproduksjon gjennom enkle fyllingsdammar.

Det er nyleg gitt konsesjon til vasskraftutbygging i sideelva Fossåa i Sør-Fron (23GWh). Fossåa renn frå Jetningen, og heng saman med 5–6 andre fjellvatn. Totalt sett er dette utruleg mange daa. Enkel oppdemming med 30–40 cm vil ha svært stor og positiv effekt for vasskraftproduksjon i Fossåa, og med svært få negative konsekvensar. Vatningsvatn til fleire gardsbruk kunne truleg også vore mogleg.

Eksempla er mange fleire, men tanken med kronikken har vore å vise nokre – og moglegheitene som ligg i dei. Vi håper tiltaket kan bli vurdert som både interessant og matnyttig.

Ole Tvete Muriteigen

Ordførar (Sp) i Sør-Fron

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags