Er det berre eg og Høgre som er for utvikling i dalføret?

Torstein Bjørgen *** Local Caption *** Torstein Bjørgen

Torstein Bjørgen *** Local Caption *** Torstein Bjørgen Foto:

Av
DEL

leserinnlegg 

I lang tid har Ottadalen slite med negativ befolkningsutvikling. Dette sjølvsagt av fleire grunnar, men det er nærliggande og logisk å tru at det er grunna dårlegare fasilitetar vi missar så mange til andre delar av landet. Vi har no moglegheita til å forbetre oss. Vi kan førebu oss på framtida og vi kan leggje til rette for næringsutvikling. Både i form av reiseliv og lokalt næringsliv. Men da treng vi flyplass.

Hittil er det berre Oppland Unge Høgre som har nemnt saka. I vinter vedtok vi at vi er for. Eg undrast difor over kvifor ingen andre parti snart opnar augo. Ein flyplass på Tolstadåsen vil opne heilt nye dører for reiseliv og lokalt næringsliv, og dermed lett bidra med fleire millionar i inntektskassa til kommunane. Vi er nøydde til å utvikle oss, og vi er nøydde til å førebu oss på framtida. Dersom distriktet vårt skal bestå er det naudsynt at vi snart tek grep.

Jamt over har vi eit breitt engasjement i folket rundt etablering av flyplass på Tolstadåsen. Det er tydeleg at dette er noko store delar av lokalbefolkninga ynskjer. Når det er sagt, så finst det også skeptikarar, men skepsisen kjem ofte av ei informasjonskløft. Mange trur nemleg at vi må betale for flyplassen sjølve. Det er feil. AVINOR går av med eit massivt overskot på dei største flyplassane sine. Dette overskotet er AVINOR pliktige til å bruke på luftfartstenester i heile landet. Dei har eit samfunnsoppdrag som seier at minst 90 % av befolkninga i Noreg skal ha 1,5 timars reisetid til næraste flyplass og 2,5 timars reisetid til næraste hovudflyplass. Her er regionen vår svikta. AVINOR er difor positive til å bygge hjå oss, men treng eit startskot frå politikarane våre. Med dette i tankane er det særs oppsiktsvekkande at mange av politikarane våre openbert seier «nei takk» til ei slik god distriktspolitisk løysing.

Noko av det viktigaste for eit distrikt er arbeidsplassar. Finst det ikkje arbeidsplassar, finst det heller ikkje folk. Difor er det så viktig å utvikle distriktet sitt på ein måte som genererer arbeid. Det hjelp ikkje med kutt i sjuke- og pleieordningar og heller ikkje i skule. Ein må utvikle distriktet så ein får ei lokal verdiskaping. Både i form av reiseliv og privat næringsliv. Det er her inntektene til kommunane ligg. Ikkje i kutt. Dermed er flyplassen ei gyllen moglegheit. Vi kan ruste oss for framtida og vi kan gjere oss sjølve meir attraktive.

Det er rimeleg opplagt at dersom vi gjer det lettare å kome til oss, vil fleire kome. Vi har eit produkt som du ikkje finn nokon an plass i verda, og folk er villige til å betale godt. Slik kan vi få retta opp ein trong kommuneøkonomi, og vi kan byrje og investere i gode offentleg tenester att. Vi er så nære å få ein flyplass. Vi treng berre eit politisk engasjement. Er det berre eg og Høgre som er for utvikling i dalføret? Eg håpar ikkje det.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags