Flyplass vil ta norddalen til nye høgder

Av
DEL

lesarinnlegg 

No hastar det med å få etablert ein flyplass i Nord-Gudbrandsdalen, nærmare bestemt på Tolstadåsen. Folketalet i Nord-Gudbrandsdalen søkk år for år, og held nedgangen fram lenge nok, vil ein kome til eit punkt der nedgangen i folketalet ikkje let seg stanse - den blir sjølvforsterkande.

No må noko gjerast for å stanse dette, noko som monnar og har varig effekt.

Det å få etablert ein flyplass i Nord-Gudbrandsdalen vil vere ein kraftig stimulans og pådrivar for næringsutvikling i regionen. Ein flyplass vil bidra til å skape nye attraktive arbeidsplassar i framtida, for det er det som skal til for at ungdomen skal kunne satse på ei framtid i Nord-Gudbrandsdalen, det er ikkje nok med ledige hus og fin natur.

Det er med bakgrunn i eigne erfaringar at eg hevdar ein flyplass er så viktig for Nord-Gudbrandsdalen. Eg har vakse opp som nærmaste nabo til Ålesund Lufthavn Vigra, og eg har sett kor mykje ein flyplass har å seie for lokale arbeidsplassar og næringslivet på Sunnmøre.

Tidleg på 1990-talet budde eg i Tromsø. Eg arbeidde da med produktutvikling innan fiskeindustrien. I samband med dette arbeidet vekependla eg eit heilt år med fly mellom Tromsø og Honningsvåg. Da erfarte eg kor avgjerande viktig flyplassane er for folket og næringslivet i Finnmark.

På mange måtar blir det feil å samanlikne Finnmark med Nord-Gudbrandsdalen, men med tanke på passasjergrunnlag, bur det omlag 75 000 i Finnmark, og det er 11 flyplassar med rutegåande trafikk der.

I Nord-Gudbrandsdalen bur det omlag 25 000, og der er det ingen flyplass trass i at dette skal vere den regionen i landet som har lengst reisetid til nærmaste flyplass.

Kvifor skal ikkje dei som bur i Nord-Gudbrandsdalen ha tilgang til ein flyplass i nærleiken når «alle andre» har det?

I 2002 budde eg og kona mi i Akershus saman med våre to eldste barn, som da var småe. Eg arbeidde ved den norske avdelinga til eit dansk firma. Jobben medførte mykje reising, og da vi hadde to små barn, var det ikkje alltid så lett når barna var sjuke og vi ikkje hadde familie i nærleiken. Sommaren 2002 tok eg derfor med meg familien og arbeidsplassen min til Lom der kona mi kjem frå.

Sjølv om eg flytta til Lom, var det framleis mykje reising i jobbsamanheng. Ofte, og med jamne mellomrom, reiste eg til København i samband med jobben. Da køyrde eg som regel frå Lom til Gardermoen seint om ettermiddagen, overnatta, og tok så eit tidleg fly til København neste dag. Så var det å ta eit fly tilbake til Gardermoen om ettermiddagen, sette seg sliten og trøytt i bilen, for så å køyre den lange vegen opp til Lom.

Om vinteren når det var mørkt, og det sludda og var slaps på vegen, og eg møtte trailerar som kom på rekkje og rad, og som kasta slaps på bilruta, ja da var det ekstra langt til Lom!

Dette dreiv eg på med fram til 2010 da eg bytta jobb. Etter kvart har E6 blitt betre, men det er framleis langt frå Gardermoen til Lom. Hadde det vore ein flyplass på Tolstadåsen, kunne eg ha teke morgonflyet til Gardermoen, og ettermiddags- eller kveldsflyet tilbake.

Meir enn nokon gong gjeld det at tid er pengar. Med tanke på næringslivet, blir det stilt stadig større krav til verksemdene om å vere raske og fleksible. Servicefolk, maskindelar og andre varer må i dag raskt ut til kundane.

Sentraliseringa går sin gang på så mange områder, og ein må framover rekne med at det blir stadig lengre veg til både kundar og leverandørar.

Ein flyplass på Tolstadåsen vil gjere det raskare å få både varer og personar inn og ut av regionen.

Ikkje minst vil ein flyplass gjere den mentale avstanden til Nord-Gudbrandsdalen kortare, noko som vil kunne gjere det lettare å etablere verksemder der, samt å få verksemder til å flytte dit.

Med tanke på næringsutvikling og jobbskaping, er det, slik eg ser det, fjell av moglegheiter i Nord-Gudbrandsdalen. For å kunne omsette mange av desse moglegheitene til arbeidsplassar, må vi ha ein flyplass på Tolstadåsen. Og flyplassen vil kome - det ligg i lufta.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags