Kva er det med nordmennene?

FØRERKORT: Er det noko som er gale når styresmaktene gir fastlegane makt og myndigheit til å styre livet til ei stor gruppe pensjonistar?, spør innsenderen.

FØRERKORT: Er det noko som er gale når styresmaktene gir fastlegane makt og myndigheit til å styre livet til ei stor gruppe pensjonistar?, spør innsenderen. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Leserinnlegg
I 1953 tok eg førarkort. Etter det har eg slite ut mange bilar, traktorar og motosyklar. Som vernepliktig var eg motorsykkel-ordonnans.

Eg har vore heldig, eg har hittil ikkje vore borti nokon hending som har kravd hjelp frå eller førd til utgift for forsikringsselskapet. Eg har heller ikkje fått «prikkar» på kortet.

Dette er uinteressant når kortet skal fornyast. Her er kjennskap til den bakvendte 7-gangen, forståing av ein merkeleg og uforståeleg rebus av tal og bokstaver som skal koblast saman med blyantstrekar, og ferdigheita til å teikne talskiva på ei klokke, avgjerande om ein er kababel til å halda i rattet litt lenger.

Einar Odden spør i GD 8. november: Kva er det med danskane? Odden peikar på at i Danmark blir ikkje førarkortet forelda på same måten som her.

Eg spør heller: Kva er det med nordmennene? Er det noko som er gale når styresmaktene gir fastlegane makt og myndigheit til å styre livet til ei stor gruppe pensjonistar?

All forskning viser at dei verkeleg farlege i trafikken er unge menn. Bør ikkje legane og politiet heller halda eit ekstra auga med desse?

Vi eldre har etter mange år bak rattet gjerne opplevd mange nesten-ulykker. Marginane har gjerne peikt rette vegen, men kvar nesten-ulykke sitt att i medvitet til dei som har vitne eller var innblanda, og hjelper til med å skapa ein forsiktig sjåfør.

Sjølinnsikta gjer at ein gjerne begrensar og slutter kjøringa i rett tid, sjølv om førarkortet er gyldig. Passasjerar og medtrafikantar deltek gjerne med si eige subjektive vurdering og påvirkning.

Det er ikkje nokon grunn til tru at det danske systemet ikkje ville fungere også her.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags