Elendig Libya-rapport

Arbeiderparti-leder Jonas Gahr Støre (t.h.) leser i Libya-utvalgets rapport i Vandrehallen i Stortinget torsdag.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Arbeiderparti-leder Jonas Gahr Støre (t.h.) leser i Libya-utvalgets rapport i Vandrehallen i Stortinget torsdag. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix Foto:

Av
DEL

leserinnlegg 

Opprøret i Libya starta 17. februar 2011. 2. mars sa den amerikanske forsvarsleiinga under ei høyring i Kongressen at det fanst ikkje haldepunkt for å hevde at Gaddafi bomba sivile. Utvalet bak Libya-rapporten er inne på noko tilsvarande. På side 67 står det: Al jazeera, Reuters, CNN og BBC rapporterte om luftangrep mot sivile i begynnelsen av mars, noe som i ettertid har vist seg vanskelig å verifisere. Utvalet ser bort ifrå dette elles i rapporten. Dei finn det betre å støtte regjeringa og Stortinget der alle i 2011 var for at Norge skulle vera med å bombe.

På side 17 i rapporten står det: Mandatet ber ikke utvalget om å evaluere effekten av de norske operasjonene eller den samlede internasjonale innsatsen på operasjonens uttalte mål, nemlig beskyttelsen av sivile.

25. februar 2011 vedtok FN å opprette ein kommisjon for gransking av brot på menneskerettane i Libya. Kommisjonen la fram ein rapport 8. mars 2012. Det verste bomeangrepet til NATO som er nemnt, er eit som skjedde i byen Majer 8. august. (Vel ei veke etter at Norge hadde slutta å bombe.) Der vart 34 sivile drepne og 38 skada. Den fyrste bomba drap 16. Etter at mange folk hadde styrta til for å hjelpe, kom flyet tilbake og sleppte ei bombe til som drap 18. Dette blir fullstendig absurd når ein hevdar at ein bombar for å verne sivile.

Kva med den norske bombinga? Eit Brennpunkt-program som vart sendt på NRK 12. mars 2013, seier mykje om det. I programmet var det med to pilotar som hadde vore med å bombe.

Pilotane sa at dei hadde bomba tettbygde strøk, og at dei hadde gjort brutale og litt stygge ting. Dei føya til at slik var oppdraget deira

Pilotane vart spurde om dei gjekk aktivt inn i kampen og støtta opprørarane. Til det svarte dei ja. Dette var opplagt i strid med Genevekonvensjonen av 1977. Der står det at det er forbode å hjelpe opprørarar i eit anna land til makta.

Opprørarane for ikkje pent fram. Det vart stadfesta at svarte libyarar og svarte framandarbeidarar vart vilkårleg torturerte og avretta. Ein amerikansk stabsoffiser opplyste at opprørarar skaut mot sivile inne i byar og tettbygde strøk. Desse opprørarane vart ikkje stansa av NATO.

På eit seminar i Trondheim i 2012 vart det sagt i eit av foredraga: Norge flyttet grenser for hvilke mål som var mulig å angripe. I foredraget sitt sa daverande forsvarsminister Espen Barth Eide: Jeg er stolt av det vi fikk til i Libya. Kva fekk vi til? Massevis av død og liding. Tenk også på alle dei tusen flyktningane som i ettertid har drukna i Middelhavet. Norge er medskuldig i dette.

FN utarbeider ein Human Development Index for å rangere kva for land som er best å leva i. Libya kom – før bombinga - suverent høgast på denne indeksen blant afrikanske land.

NATO-bombinga har skapt kaos og forferdelege tilstandar i Libya. På trass av det seier både Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre at dei ville gjort det same i dag i ein tilsvarande situasjon. Til det er det berre eitt å seia: HUFF!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags