Strategisk samarbeid = privatisering

- Privatisering er misbruk av det offentlege sine pengar og ressursar, skriv Eva Marie Mathisen (Raudt).

- Privatisering er misbruk av det offentlege sine pengar og ressursar, skriv Eva Marie Mathisen (Raudt).

Av
DEL

lesarinnlegg

Oddvar Møllerløkken frå Høgre ser fram til at IKT-tenestene på Jørstadmoen blir privatiserte. Han meiner at tenestene kan danne eit utgangspunkt for eit nytt IKT-kluster ved Skysstasjonen (Lurhaugen?). Å tru på ei slik framtidsdraum er i beste fall naivt. IKT-tenester kjem, om dei privatiserte, til å bli utførte av tunge og etablerte aktørar som i beste fall har eit kontor på Fornebu - neppe av små gründerselskap på Lillehammer.

Forsvaret skal inngå eit «strategisk samarbeid» med private tenesteytarar. Det er det same som privatisering eller outsourcing. Å kalle det for strategisk samarbeid er nytale og ei tilsløring av kva det eigentleg er snakk om.

At Møllerløkken er for at fleire offentlege tenester blir privatiserte, er inga overrasking. Det er heller ikkje noko overrasking at bestillinga om meir privatisering av Forsvaret kjem frå regjeringa. Dette er villa politikk og rein ideologi frå Høgre.

Forsvaret er bedne om å sjå på kva for IKT-tenester som kan gjerast betre av private. Men Forsvaret er ikkje ei vanleg bedrift. Å setje ut til dømes lønskøyring til private selskap kan auke faren for at opplysningar om kor mange som jobbar i Forsvaret og kva for avdeling dei jobbar i, kjem på avvege. Dette er opplysningar som er unntatt frå det offentlege. Fleire døme på problematisk samarbeid er ikkje vanskeleg å finne. Private verksemder utfører no logistikktenester for Forsvaret. Men potensielt er Bring med sine sivile sjåførar eit bombemål i krig. Er det greitt?

365 offentleg tilsette reinhaldarar i Forsvarsbygg vart oppsagte då det multinasjonale ISS vann anbodet om reinhald i Forsvaret. Kvaliteten på reinhaldet har no vorte så dårleg at verneombodet i Hæren måtte stenge to store bygg i Skjold leir i Troms på grunn av helsefarleg mangelfullt reinhald. Også i Forsvarsdepartementet skulle ISS ta over reinhaldet, men departementet var så misfornøgde med dei private at dei sa opp kontrakten. Paradoksalt nok gjekk forsvarsminister Frank Bakke-Jensen frå Høgre tilbake til offentlege tenester. Fleire reinhaldarar i ISS har ikkje vorte sikkerheitsklarte og måtte ha følgje av forsvarstilsette når dei vaska. Neppe ein god bruk av forsvaret sine ressursar, men Høgre fekk tilfredsstilt sin privatiseringsiver.

Vi i Raudt meiner at dette er misbruk av det offentlege sine pengar og ressursar, og vi er svært skeptiske til at private selskap skal få lov til å tene pengar på eit «strategisk samarbeid» med Forsvaret. Vi trur samarbeidet berre går ein veg: Dårlegare og dyrare tenester, mindre sikkerheit for sivile og for forsvarstilsette, og meir sårbarheit i forsvarspolitikken. Dette burde Høgre som forsvarsparti vere meir oppteken av.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags