Gjendeosen

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

leserinnleggMannen min Einar Hølmo og eg starta frå botnen på Gjendeosen og Reinsvangen vinteren i 1977, for å ferdigstille parkeringsplassane til sumarsesongen 1978. Det var ved samrøystes kommunestyre det vart vedteke at det var vi som skulle få bygge ut parkering og drive framtidig kiosk.

Kiosken, som vart arkitekt teikna av Thorbjørn Fjeldstad, vart opna den 10. juni i 1984. I mellomtida så hadde vi ein liten flyttbar kiosk. Det var harde tak og vi hadde ikkje råd til å leige inn for mykje arbeidsfolk og måtte gjera mest mogleg sjølve. Borna våre var til god hjelp noko vi var svært takksame for. Vi var stolte over det vi greidde å få opp. Den gongen var motivasjonen stor for å leggje ned arbeid, tid og energi på Gjendeosen og Reinsvangen for vi visste at vi kunne gje det vidare til borna våre.

Eg tør ikkje tenkje på korleis mannen min Einar hadde reagert på denne behandlinga. Heldigvis får ikkje han oppleva dette. Og eg er naturleg nok heilt knekt.

På slutten av 90-talet vart eg aleine, og dotter mi Grethe overtok da drifta fyrst på 2000- talet. No er dotter mi såpass vaksen at det blir vanskeleg å få seg arbeid.

Nå føler eg bitterheit over korleis familien blir behandla. Bitter over å sjå at det ein har bygd opp hamnar i framande hender, når ein har ein familie som hadde vilja halde fram.

For ca. 30 år sida gjekk vi i 1. mai toget for å støtte opp om Øvstedal familiens båtkonsesjon da dei mista denne, men fekk den att etter støtte frå folket. Den gongen hjelpte vi dei. 


Det er tøft å sjå at livsverket du har arbeidd og slite for no blir reve bort frå familien.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags