Glasoportragedien i Ottaelva

Et endeløst arbeid ...  Her samles det inn glasopor med løvblåsere og sugebil. Torgeir Garmo er uroa ov er det som blir liggjande att.

Et endeløst arbeid ... Her samles det inn glasopor med løvblåsere og sugebil. Torgeir Garmo er uroa ov er det som blir liggjande att. Foto:

Av
DEL

debatt
Frå oktober i fjor og nå frametter våren har eg prøvd å rydde søppel både langs Ottaelva og også langs Bøvra opp til Medalen. Samtidig har eg over alt langs Ottaelva prøvd å få eit inntrykk av mengdene av glasopor.

Totalt strekkjer glasoporbeltet seg om lag 60km på kvar side av Ottaelva frå Bismo til Vågåmo, frå her og ned til Eidefossen ser det ut til å vera mindre. I Grov, Risheimsøye, ved reinseanlegget i Garmo og nokre andre stader ser laga av glasopor i krattskogen og andre stadar ut til å variere frå 10 – 40cm. Der strandlina er nokolunde rett, har eg tatt stikkprøver og rekna talet på glasoporbitar i høgvassmålet, dette varierer frå 5 til opp mot 40 bitar pr.meter, men det finst område med langt meir og område som er heilt fri.

Svært lite av strandlina egnar seg for maskinell rydding. Der glasoporen er fanga i krattskogen kan han ikkje samlast utan også fyrst å fjerne denne. Dette er eit lite ynskjeleg økologisk inngrep som også genererer store CO2-utslepp. Både krattskogen og den enorme mengda drivved som nå er tørr og fin burde etter mi meining samlast inn og leverast gratis til biobrenselanlegga i Ottadalen.

Dersom ein ynskjer å fjerne mest mogleg/alle glasoporbitane etter høgvassmerke langs strendene ser eg inga anna moglegheit enn å plukke for hand.

Fleire strekningar, t.d. ved Marlo i Skjåk og på sørsida av elva frå Tronovegen i Lom og ned til Blakar har flaumen bygd opp store ”skansar” av rotvelter, rekarved og søppel av alle slag. Skansane ligg på tvert av straumdraget og er frå 5 -10m lange, gjerne 2- 4m høge og kanskje 8m breie. Dei har ei kjerne av glasopor og søppel som ikkje kan fjernast utan fyrst å ta ut rotveltene og all rekarveden.

Glasopor er inert og vil derfor knapt skade vegetasjonen, men der så tjukke lag er bygd opp at sola ikkje kjem ned til bakken, vil planter og tre ikkje kunna overleva likevel.

Og det seier seg sjølv at det knapt er mugleg å plukke opp så store mengder og så mange bitar av glasopor som det her er tale om.

Dei porøse glasoporbitane var alt da dei nådde nedom samlaupet med Skjøle sterkt avrunda, og eg har fotografert nokre som eg lét liggje ute der dei hadde stranda i vinter. Glasoporen er full av porer som trekkjer vatn, men syner likevel eksponert i dagen lite teikn på å smuldre opp etter ein vinter.

Det er derfor viktig å finne ut kva som vil skje med glasoporen over tid, eg har derfor sett på ”Sikkerhetsdatablad 10-60.”

I fylgje dette har glasopor ei ”udefinert livslengde.” I naturen kan produktet derfor om det ikkje blir samla opp bli liggjande i mange tiår- eller hundreår-?

Glasopor har ei særvekt på 0,5, og enorme mengder vart under flaumen male fysisk opp til ørsmå partiklar som etterpå svevar fritt i vassmassane. Glasopor er i fylgje Sikkerhets-databladet ikkje giftig for vasslevande organismar og heller ikkje løyseleg i vatn. Men fordi produktet er lettare enn vatn vil det ikkje botnfelle seg slik som kvabb og leire. Det vil derfor kunne fylgje vassmassane ned til Mjøsa og vidare heilt til havs.

Nedstraums for Vågåmo hadde eg eit par gamle foto som syner siktdjupet når elva har lita vassføring om hausten. På foto teki etter flaumen kan eg ikkje sjå botnen like langt utover.

Glasopor inneheld ifylgje opplysningane også inntil 2 % silisiumkarbid, SiC, totalt for heile utsleppet altså om lag 500 m3. Silisiumkarbid er nest etter diamant det hardaste stoffet vi kjenner, men finst ikkje i naturen.

Lite tyder altså på at glasopor (og silisiumkarbid) nokon gong vil bli brotne ned kjemisk, og vi står da att med eit estetisk problem; glasoporbeltet.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags