Eg er sterkt imot gondol over byen

Aagot Stigen Sørhagen vil ikke ha gondol i Lillehammer.

Aagot Stigen Sørhagen vil ikke ha gondol i Lillehammer.

Av
DEL

leserinnleggTakk til Tor-Even Heltorp for innlegget 28. mars. Eg tek imot 
utfordringa om å sette ord på kva eg meiner om desse planene, da eg er 
sterkt imot å skulle ha ei gondolbane over byen vår. Det er alt mange 
nye, store bygg   som fører til færre område med lys og frisk luft inn i 
sentrum. Ei slik bane vil slite på miljøet for både menneske og dyr. Her 
er langt større utfordringar å finne løysingar på, og det HASTAR:   
Tiltak for å få ned forbruket vårt, ikkje auke det.

Vi har alle ei utfordring om å sjå på vårt eige private forbruk og kan 
gjere varige endringar alt nå om vi vil. Men dei store grepa må kome frå 
sentrale makter og dei store private aktørane i samfunnet. Det går svært 
sakte med konkrete tiltak slik eg opplever det.  Det er trist når dei 
unge sitt engasjement blir kritisert. Vi treng verkeleg å samarbeide 
uansett alder, og den viktigaste endringa er i vår eiga haldning til 
forbruk. Vi kan ikkje halde fram med å tyne kloden vår slik vi har 
gjort. Vi har fått sterk tilbakemelding frå veret. Sjølv i vår del av 
verda er det meir storm, kuling og tørke enn for få år sidan.

Eg utfordrar Lillehammer kommune sine politikarar og administrasjon til 
å bruke pengar og krefter på tiltak som tek vare på menneska og naturen 
meir aktivt enn nå. La dei eldre få ha den hjelpa dei treng, stopp 
fortetting som fører til tap av grøntområde i byen og nærområdet og ta 
vare på rekreasjonsområde som vi kan nå utan å ta bilen i bruk.
 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags