Ja takk til Granheim!

Støtte til Granheim Lungesykehus. (arkivfoto)

Støtte til Granheim Lungesykehus. (arkivfoto) Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg
Syner til lesarinnlegget "Granheim må ikkje røres", frå ein person som verkeleg veit kvar skorne trykkjer og som formidlar ein bodskap som går rett til hjarta og fornufta på meg som fagperson.

Rehabilitering er ikkje det same i sjukehus som i ein frittståande institusjon i naturskjønne omgjevnadar og med kompetent personale rundt seg. Dette veit spesielt lungepasientane inderleg godt. Å plassera Granheim i toppetasjen på Lillehammer sjukehus vitnar om at ein ikkje har mykje greie på rehabilitering, og i alle fall ikkje rehab av lungepasientar. Utsikta frå 12 etasje på Lillehammer sjuke hus kan IKKJE erstatta det å trygt kunne nytta området rundt Granheim.

Korleis er det eigentleg styret i HSØ og helseministeren tenkjer? Å leggja ned Granheim og sentralisera til Lillehammer kan aldri erstatta ein frittståande rehab institusjon. Dette vert som elles i sjukehusstellet pr. no: innlegging i sjukehus, deretter rask utskriving (altfor rask) for så å leggja trykket på kommunane og fastlegetenesta, og så ei re-innlegging i sjukehus att. Dette vitnar om inkjekunne og meir omsut for tal enn for pasientane.

Lungepasientar som underteikna har vore så heldig å ha med å gjera i akuttsjukehus har i alle år og utan unnatak skrytt av Granheim. Granheim har vore og vil vonleg fortsetja med å vera ei trygg hamn for dei av lungepasientane som treng denne staden.

Ja takk til Granheim, Mork, Aure og andre rehab institusjonar i Noreg som er særs viktige og umisselege brikker i spesialisthelsetenesta vår.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags