Gå til sidens hovedinnhold

Berre rope på meir pengar er inga løysing for distrikta, vi må gjere ting annleis

Artikkelen er over 2 år gammel

DEBATT Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


GD legg ikkje akkurat fingrane mellom når dei på framsida 16. november skriv «Snart bare oldinger igjen i Gudbrandsdalen». Bakgrunnen er nye tal frå Statistisk sentralbyrå der vi tydeleg ser at eldrebølga som har vore varsla i lang tid, slår inn med full kraft.

Problemet er ikkje at vi ikkje har visst dette før. Kommunestyra og veljarar over heile dalen har sett på befolkningsutviklinga som utfordring nummer ein. Men dei tiltaka vi har sett i gang har ikkje virka.

Vi må gjere ting annleis, og det er ikkje eg som byrjar valkampen tidleg, men forskarar som seier det. På Gudbrandsdalstinget først i november fekk vi høyre Josefina Syssner frå Linkøpings Universitet si det, og på NRK.no 14.11. fortel Hildegunn Nordtug frå Distriktssenteret i Steinkjer at «8 av 10 kommunar satsar feil for å få nye innbyggarar».

Det er ikkje tvil om at distrikta har viktige ressursar. Landet treng landbruk, skogbruk, havbruk og turistnæring, og næringane treng at det er produksjon, tilbod og levedyktige lokalsamfunn rundt om i heile landet. Difor er det også eit nasjonalt ansvar å legge til rette for at det skal vere mogleg å få til.

Men å berre rope på meir pengar er inga løysing for distrikta. Vi må slutte å sjå oss bakover og ønskje å få tilbake samfunnet slik det har vore. Nordtug uttaler at kommunane må slutte med kostbare marknadsføringsstunt for å få nye innbyggjarar. Redninga ligg ikkje i å få nokon til komme å redde oss, slik at vi kan halde fram som før.

Løysinga ligg i framtida og det er vi som bur i Gudbrandsdalen som kan og skal forme den.

Josefina Syssner ga to klåre råd til oss Gudbrandsdals-politikarar. For det første så måtte vi spørje oss kva det er vi står for, og kva det er vi kan bidra med. For det andre må vi tenke på korleis vi kan skape gode lokalsamfunn for oss som bur her nå, minst like mykje som vi arbeider for å få andre til å komme hit.

Dei demografiske endringane vi ser er ikkje eineståande. I andre halvdel av 1800-talet fløtte ungdom i hopetal frå bygda for å skaffe seg arbeid og ein ny framtid. Attende stod lokalsamfunn med alt for mange eldre, sjuke og primærnæringar med store problem. I ettertid ser vi positivt på desse endringane, det var modernisering av by og land, og det som vaks fram er den lysande fortida vi nå vil halde fast ved.

Vi må ha tru på omstilling, og ønskje nye løysingar velkommen. Våre lokale bidrag betyr mykje for utviklinga, også utanfor eige kommune. Vekst og omstilling i landbruket, økt fokus på bærekraftig foredling av lokale, fornybare ressursar og trygge og aktive lokalsamfunn er noko av det som framtida skal bygge på.

Dette er grunnlaget for å skape utvikling på lang sikt. Det er ingen rask medisin, og ein må kan hende tåle fleire dystre tal frå SSB. Men over tid vil jordvern være viktigare enn handelsparkar, massivtre viktigare enn bitmining og å bevare natur, varme senger og aktivitetstilbod viktigare for turistnæringa enn storstilt hytteutbygging.

Samordna tiltak som stillingsslepp i Norddalen kan vere viktig. Ikkje fordi det kjem 100 nye tilflyttarar kvart år, men fordi det på ei positiv måte løfter fram potensialet. Både for dei som kanskje vil flytte hit, og ikkje minst for oss som bur her. Vi må sjå dei moglegheitene som ligg lokalt. Har ein tru på eigne prosjekt, kan ein også nå ut over eigen heimplass. Enten ein står på ski, teiknar vakre bilete for sal eller er ein dyktig og påliteleg handverkar. Gode idear og dyktige folk kjem like gjerne frå Vågå som frå Oslo.

Vi må legge til rette for at alle som bur i Gudbrandsdalen kan være med i omstillinga. Det er ikkje regjering eller kommunestyrer som skal syte for at det er godt å bu her slik at vi kan halde fram som vi alltid har gjort. Det er viktig å stimulere til at lokale bedrifter som vil utvikle seg får støtte til det. Det er viktig at dei som ønskjer å ta utdanning og forske kan gjere det der dei bur, og ikkje berre der universiteta ligg. Og vi må sikre at lag og foreiningar som skaper kultur, arrangement og viktig samfunnstiltak får gode rammevilkår. I dette arbeidet er også dei som ikkje lenger er yrkesaktive viktige ressurspersoner som er med og skaper aktivitet.

Breidde, mangfald og å bygge på det vi har for å være aktive medskaparar av framtida for Gudbrandsdalen, er den enkle oppsummeringa, og den krevjande oppgåva.

Mette Vårdal

Gruppeleder (Sp), Vågå