Ein samla Gudbrandsdal

Samling: Dølaringen og Gudbrandsdal hisotirlag har samle Gdbrandsdalen i snart 100 år. 
Foto: Kjersti Haugtrø

Samling: Dølaringen og Gudbrandsdal hisotirlag har samle Gdbrandsdalen i snart 100 år. Foto: Kjersti Haugtrø

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

lesarinnlegg  

Med overskrifta «Vi må samle kreftene» skreiv ordførar Rune Støstad eit innlegg i GD 5.10.17. Seinare har avisa følgd opp med både leiar og fleire artiklar om at kommunane i Gudbrandsdalen, frå Lillehammer til Lesja, bør samarbeide betre. Ja, til og med har ordførarane vore samla i Lom og skrivi under ei viljeserklæring om å formalisere samarbeidet gjennom eit «Gudbrandsdalsting».

Å få noko ut av dette kan sikkert bli krevjande nok, men initiativet er spennande og svært positivt. Ikkje minst er det spennande at Lillehammer på nytt vil definere seg som ein del av dette fellesskapet, som dølabyen.

Tanken er vel at ein på denne måten skal styrke Gudbrandsdalen si stilling når Hedmark og Oppland blir eitt fylke frå 2020. Da er det om å gjera å finne og framheve dalen sitt særpreg og identitet, og utvikle og samarbeide om dei fortrinn og moglegheiter dalen har.

Samtidig er dette ikkje nye tankar. Ideen om Gudbrandsdalen med Lillehammer som eit einheitleg område var på mange måtar meir utvikla og vanleg tidleg på 1900-talet.

Eitt av mange eksempel på det er Gudbrandsdal historielag som vart starta i 1919 og som saman med Dølaringen har gitt ut Årbok for Gudbrandsdalen. Årboka har sidan 1930 kome ut kvart år, med unntak av tre år under krigen. 2017-årboka er den 85. årgangen.

I desse 85 bøkene er det samla ei stor mengde artiklar som skildrar historia om Gudbrandsdalen og blant anna viser dalen sitt særpreg og fellesskap. Dette er stoff med eit svært breitt spekter av emne, og alle kommunane i dalen er godt representerte. Ein kulturskatt av dei store!

Frå  2010 har Gudbrandsdal historielag saman med Maihaugen, Gudbrandsdalsmusea og Oppland fylkeskommune arrangert Gudbrandsdalsseminaret. Seminara blir arrangert på Maihaugen siste onsdag i januar kvart år.

Målgruppa er medlemmer i historielaga, lærarar i barne-, ungdoms- og vidaregåande skule, elevar ved vidaregåande skular, politikarar, samfunnsplanleggjarar, kommunalt og fylkeskommunalt tilsette, tilsette ved Lillehammer museum-Maihaugen, Gudbrandsdalsmusea og eventuelt andre når spesielle tema blir teke opp.

Seminaret i 2018 går av stabelen 31. januar. Her vil det gjennom åtte foredrag bli kasta ljos over korleis eigedomsretten til naturressursane har endra seg gjennom historia.

På dei åtte seminara som til nå er arrangert, er det framført i alt 72 foredrag om arkeologi, folkeliv, kunst, handverk, folkedikting, musikk, busetting, tettstadutvikling, arkitektur/byggestil, samferdsel, inn- og utvandring, næringsliv, arbeidarkamp, krig/fred mm. 12 av foredraga har hatt emne frå forhistorisk tid og mellomalderen, 35 innlegg har vore frå åra 1500 – 1800 og 25 innlegg frå 1900 – 2015.

Når identitet, fellesskap og samarbeid i Gudbrandsdalen nå skal bli utvikla og styrka gjennom blant anna eit Gudbrandsdalsting, vil det også vera viktig å ta omsyn til dei historiske røtene for dalføret, spela vidare på dette utgangspunktet og sjå kva vi kan lære av historia.

Kva ligg det av eksempel på fellesskap, samkjensle og felles særpreg i det som til nå er og i framtida vil bli presentert på Gudbrandsdalsseminara og i Årbok for Gudbrandsdalen? Kva er det alle desse innlegga kan lære oss om det som samlar Gudbrandsdalen?

Dei som er interesserte i dette, kan kjøpe og lesa Årbok for Gudbrandsdalen og delta på Gudbrandsdalsseminaret siste onsdag i januar! Program for seminaret blir litt ut i desember lagt ut bl.a. på www.maihaugen.no og www.gudbrandsdalhistorielag.no.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags