Kom ikkje her og sei at dyra mine ikkje har det godt!

Anne Saglien har skrive eit innlegg til alle som vil avskaffe husdyrproduksjon, og som påstår at produksjonsdyr aldri vil få det godt.

Anne Saglien har skrive eit innlegg til alle som vil avskaffe husdyrproduksjon, og som påstår at produksjonsdyr aldri vil få det godt. Foto:

Av
DEL

Leserinnlegg
Når ein kalv blir født er det hendene mine det fyrste han kjenner når eg tek tak for å hjelpe kua i siste fase av fødselen. Stemma mi er den fyrste stemma han høyrer når eg pratar roande til kua, og roser henne under fødselen, og når eg ynskjer kalven velkomen til verda.

Det er hendene mine som sørgjer for å gje kalven velvære når kua er ferdig med det fyrste stellet av kalven etter kalvinga. Og det er hendene mine som sørger for at kua får det ho treng når ho er svolten og sliten etter fødselen, og treng mat, kvile, rein og tørr bås.

Det er hendene mine som sørger at dyra får alt dei treng, reint vatn, rett næring, og nok mat. Medisin og pleie om det feilar dei noko.

Det er hendene mine som sørger for reine og tørre båsar og bingar. Det er hendene mine som held pelsen deira fri for møkk, støv, samt utøy som insekt om sommaren og lus om vinteren.

Det er stemma min dei lyar til, og kjenner som den stemma som gjev dei tryggleik.

Dykk har kanskje aldri sett:

- ein kuflokk i fullt firsprang, fyrste dagen på setra for å finne att båsen sin i seterfjøset frå året før. Kor nøgde dei er om kvelden nå mjølkinga er unnagjort og dei legg seg på sin eigne trygge plass der ingen ting kan true dei.

- ei ku snu seg rundt utanfor fjøsdøra om hausten når været byrjar å bli guffent for å springe rett attende åt båsen sin og be om at eg finn fôring åt henne.

– kor nøgde kyrne er når dei slepp å gå ut att om hausten, når dei berre kan stå roleg på plassen sin å få alt dei treng av føde rett framfor nasen sin.

– korleis ei ku koser seg og nyt stunda når hendene mine børstar pelsen, klappar og stryk.

– ei ku som senkar ryggen og løfter rumpa i været i takksemd over å få tømt juret sitt når ho har mjølkespreng, (sjølv med lite kraftfor i krubba), og at ho lyftar eine bakbeinet for at eg skal få betre tak til å massere og smørja det harde juret hennar for å dempa jursprengen.

– at ungdyra som går på sommarbeite kjem springande i fullt firsprang i rein og skjær glede over å sjå meg att, flokkar seg rundt meg for ein mjølsleik og klapp og kos. At det er ein risiko for at dei bryt ned grinda for å vera med meg heim att.

- det bedande blikket åt ei ku når ho ber om hjelp når ho plagast med noko, på bakgrunn av at ho stoler på matmor og veit at eg betyr hjelp og tryggleik.

Neste gong dykk pratar om å leggja ned husdyrproduksjon, tenk dykk om ein gong til, for det er ikkje berre hos meg det er slik som beskrive ovanfor. Ein stor del av norske alminnelege gardsbruk driv framleis slik. Eg vonar denne forma for matproduksjon skal bestå og ikkje avsluttast. Det vil bli katastrofalt for både folk, dyr og natur!

Kom ikkje her og si at dyra mine ikkje har det godt! Kom ikkje her og si at dyra på slike tilsvarande gardar ikkje har det godt!


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags