Vertskommunesamarbeid – demokrati i attrenne?

- Opplever folkevalde at makta har flytta seg frå eigen kommunestyresal til rådmannen i grannekommunen? spør Sveon Holen, rådmann i Skjåk.

- Opplever folkevalde at makta har flytta seg frå eigen kommunestyresal til rådmannen i grannekommunen? spør Sveon Holen, rådmann i Skjåk.

Av

Vi strevar med å ha styring og kontroll, medan samfunnet rundt oss krev meir medverknad,

DEL

leserinnlegg 

I 2016 gjekk mange innbyggarar til urnene for å røyste for eller imot kommunesamanslåing. Resultata kjenner vi. Blant kommunane i Hedmark og Oppland vart kartet uendra.

Mange lokalpolitikarar hadde nok eit heller labert engasjement til oppmodinga frå regjeringa om å ta grannepraten, men let seg likevel bli med på det dei sikkert opplevde som eit pliktløp medan dei venta på neste stortingsval. Med nytt stortingsfleirtal ville heile reformarbeidet truleg bli skrudd attende, men slik vart det som kjent ikkje.

Kanskje på grunn av trua på at reforma ville grunnstøyte, såg mange kommunar seg ikkje bryet med å greie ut meir enn eit minimum av alternativ. Slik også i Nord-Gudbrandsdal, der vi sette oss saman to og to. Samanslåing eller ikkje; små kommunar skulle bli verande små! Andre alternativ, som tre, fire eller seks kommunar, var det ikkje politisk interesse for å greie ut og la innbyggarane få ta stilling til. Dessutan er ikkje kommunane små heller, når ein vurderer etter areal i staden for folketal ...

I ettertid kan ein nok sjå prosessane med å forme intensjonsavtaler meir som kommunal parterapi enn reell vilje til å vurdere moglegheitene for å skape nye kommunar. Å skape betre klima for gjensidig forståing og samarbeid er sjølvsagt av stor verdi i seg sjølv.

Når kommunestyra fyrst hadde bestemt seg for å spørje folket, og folket gav så klåre svar som i norddalen, var det naturleg at kommunestyrevedtaka vart som dei vart. Likevel har det i ettertid vore ei tydeleg, nesten samstemt oppfatning blant lokalpolitikarar og rådmenn om at kommunane må søkje saman og samarbeide meir om tenestene.

Administrativt vertskommunesamarbeid etter kommunelova inneber at ein kommune (vertskommunen) utfører oppgåver og fattar vedtak på vegner av ein eller fleire andre kommunar (samarbeidskommunar). Dette skjer formelt ved at kommunestyret i samarbeidskommunen gir eigen rådmann instruks om å delegere mynde til rådmannen i vertskommunen.

Etter kvart har det vorte mange slike avtaler i norddalen. Lom og Skjåk har nærare ti i talet, og berre i løpet av det siste året har det vorte felles kulturskule, felles landbrukskontor og felles kontor for plan, miljø og byggesak. Fram til nå har Lom og Skjåk hatt vertskommuneavtale om felles barnevernsteneste, akkurat som Sel og Vågå. Nå samlar dei fire kommunane sine barnevernstenester under rådmannen i Sel.

Sel kommune har elles tatt eit stort ansvar når det gjeld å vera vertskommune for samarbeid som omfattar alle seks norddalskommunane, noko helsesamarbeidet med utspring i LMS er eit døme på.

Gjennom vertskommunesamarbeid oppnår små kommunar utan tvil store faglege gevinstar. Kompetansemiljøet blir breiare og mindre sårbart, og det blir som regel også lettare å rekruttere medarbeidarar. Dessutan fører større einingar i mange høve til betre ressursbruk.

Kommunesamarbeidet kan likevel medføre betydelege styringsmessige og demokratiske utfordringar, særleg dersom omfanget av avtaler som i norddalen er relativt stort og der det er ulike ordningar i ulike geografiske retningar. Det skal heller ikkje stikkast under ein stol at utvikling av samarbeid innan enkelte tenester tar lang tid og kan medføre store prosesskostnader.

Rådmannen skal etter lova og på vegner av kommunestyret sørgje for å ha tilstrekkeleg kontroll. Dette er likevel utfordrande når planlegging og oppfølging skal vera avtala og avstemt med fleire andre kommunar. Mange rådmenn kjenner nok meir og meir på at kommunesamarbeidet sluker leiarressursar. Dette skjer på same tid som kravet til utvikling og fornying i tenestene berre aukar og det økonomiske handlingsrommet minkar. Berre siste året mista norddalskommunane om lag 200 innbyggarar, og dette slår direkte inn i dei statlege rammeoverføringane. Staten let heller ikkje til å honorere småkommunar som vil halde fram med å vera sjølvstendige, og i dei lokalpolitiske prioriteringsprosessane er det fåe innbyggarar som går i fakkeltog for å styrke administrasjonen. Naturleg nok.

Eg meiner det må reisast ein debatt om lokaldemokratiet som følgje av denne utviklinga. Som representantar for folket har folkevalde både ei ombodsrolle og ei styringsrolle. Ombodsrolla er kontakten og bindeleddet til innbyggarane, medan styringsrolla handlar om den folkevalde leiarskapen, styringa og kontrollen med oppgåveløysinga i kommunen. Men om ikkje dette er nok, så har kommunen også ei viktig rolle i å legge til rette for flyt og retning i utvikling av lokalsamfunnet som demokratisk arena. Den enkelte innbyggar skal sikrast medverknad i planprosessane og i samfunnsutviklinga. Prosessane skal ikkje berre gå føre seg i politiske parti og i formelle politiske organ.

Har vertskommunesamarbeidet ført til at grenseflata mellom dei aktuelle tenestene og den administrative og politiske leiinga har vorte redusert? Opplever folkevalde at makta har flytta seg frå eigen kommunestyresal til rådmannen i grannekommunen? Kva skjer med det politiske engasjementet, sett i ljos av at det økonomiske handlingsrommet også ser ut til minke? Vil lokalpolitikken meir og meir dreie seg om å fordele misnøye?

Min påstand er at omfanget av administrativt vertskommunesamarbeid har ført oss inn i ei demokratisk attrenne. Vi strevar med å ha styring og kontroll, medan samfunnet rundt oss krev meir medverknad, meir fart i fornying og utvikling og betre kvalitet i tenestene.

Svaret er ikkje nødvendigvis ein ny debatt om kommunesamanslåing. Det er likevel på høg tid med ein debatt om korleis den politiske og administrative leiinga skal møte behova blant eigne innbyggarar. For det ansvaret kan kommunen ikkje unndra seg, sjølv om oppgåveløysinga er delegert til grannekommunen. Det store samfunnsoppdraget er å sikre folket sin medverknad i utvikling av lokalsamfunnet og tilgang til gode, lovpålagde tenester. Desse rettane må sikrast sjølv om det økonomiske handlingsrommet ser ut til å bli mindre.

Holen Svein

Rådmann i Skjåk kommune

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags