Leserinnlegg Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
I fylkestinget i Oppland 13. desember vart det ein rar debatt da eg fremma forslag om uttale mot EU si jernbanepakke 4. Sp, Ap, SV og KrF, saman med MDG, stemte for uttala, medan H, Frp og V meiner det er greitt å gje frå seg styringa over norsk jernbanepolitikk til EU.
Debatten vart rar fordi dei ikkje hadde ynskje om å debattere sjølve uttala, men påstod at det var mange faktafeil og påstandar og underteikna vart også skulda for å bli styrt av Senterpartiet sentralt og for ikkje å ha skrivi forslag til uttale sjølv.
Dette er uttala som vart vedteken mot regjeringspartia sine stemmer:
"Stortingets fleirtal har vedteke å konkurranseutsette jernbana i Norge. Det gjer at Norge gjennom EØS-avtala må implementere EU sine jernbanepakker, med mindre Stortinget reserverer seg mot Jernbanepakke 4.
EU si jernbanepakke 4 inneheld krav om liberalisering av persontrafikk. Det betyr blant anna meir omfattende bruk av anbod, som vil føre til oppstykking av ansvaret for persontrafikken, infrastruktur, anskaffelse av materiell, billettsystem og liknande.
Føremålet med jernbanepakka er å skape meir konkurranse i persontrafikken på skinnene, og ikkje minst opne opp denne konkurransen for europeiske selskaper. I realiteten vil konkurransa dreie seg om konkurranse på lønn, arbeidsvilkår og pensjonsordningar for dei tilsette.
Fylkestinget i Oppland meiner norske myndigheiter må ha moglegheit til sjølve å avgjere om jernbanestrekningar skal leggast ut på anbod eller ikkje. Å låse fast ein bestemt jernbanepolitikk for all framtid er i strid med grunnleggande demokratiske prinsipp. Jernbanen i Oppland treng ikkje meir konkurranse, men løysingar tilpassa typiske utfordringar for Norge og for vårt område. Vi treng fleire krysningsspor, moderne trasé og erstatning for forureinande dieseldrift. Da treng vi nasjonale og lokale kunnskapar med tilhøyrande beslutningsmyndigheit.
Dersom Stortinget går inn for Jernbanepakke 4 vil Norge i praksis gje frå seg myndigheit frå norske folkevalde til EU, både over korleis den norske jernbana skal organiserast og for lover og forskrifter om sikkerheit. Norske folkevalde vil ikkje lenger kunne endre måten jernbanen blir organisert på utan at det kjem i konflikt med EU sine reglar og gjev risiko for å blir stevna for EU-domstolen.
Fylkestinget i Oppland vil derfor be Stortinget om å reservere Norge frå Jernbanepakke 4, slik EØS-avtalen gjev høve til."
Ein ting er å vedta å konkurranseutsette jernbana, ei heilt anna sak er det å gje frå seg styringa over den norske jernbanen til EU. Vi må bestemme over norsk jernbanepolitikk også i framtida. Det må vere opp til norske myndigheiter å avgjere om jernbanestrekningar skal leggast ut på anbod eller ikkje.
Vi treng ei kraftsamling av jernbanen, ikkje oppsplitting og ansvarsfråskriving. Som ein liten jernbanenasjon må vi samle ressursane vi har framfor å splitte dei opp. Det vil gje eit betre tilbod og ein betre jernbane om vi ser jernbanestrekningane i samanheng, ikkje minst opp mot andre kollektive tilbod. Skal vi få meir gods over på bane og fleire avgangar, må det politisk vilje til.
Dette hadde tydelegvis ikkje regjeringspartia ynskje om å debattere. Da er det betre, som dei seier i fotballen, å ta spelaren i staden for ballen.