Kvar er det blitt av kundeservicen i Bane NOR og VY?

Odd Jan Hølmo beskriv eit døme på korleis passasjerar ikkje skal oppleve ei togreise.

Odd Jan Hølmo beskriv eit døme på korleis passasjerar ikkje skal oppleve ei togreise. Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg

Vi har fått med oss at det har vore eit kostbart namnebyte i jernbane-Norge med «store VY-ar», men det hadde kanskje vore betre å satsa pengane på eit meir kundevenleg transportsystem i staden. Ei sjølvopplevd hending på Otta stasjon like etter påske viser at det er mykje å ta tak i her:

Dotter vår skulle reise med tog frå Otta til Oslo i familievogna, med ei jente på 7 md. i barnevogn og ein liten kar på fire år. Av andre reisande fekk ho opplyst at Oslo-toget skulle koma i spor 2 og ho kryssa derfor den usikra planovergangen til spor 2. Så kom det melding over høgtalaren at toget frå Trondheim kjem i spor 2 og ny melding om at Oslo-toget kjem i spor 1. Ny kryssing av den usikra planovergangen tilbake til spor 1. Det er dessverre ikkje uvanleg på Otta stasjon at passasjerane lyt krysse den usikra planovergangen fleire gonger før riktig melding om spor 1 eller 2 kjem over høgtalaren.

Billettane var førehandsbestilte før påske. På Otta stasjon viser ei plansje på veggen at familievogna er vogn nr. 2 der dotter mi hadde betalt for sitteplassar og ho stilte seg derfor der fremste del av toget stansa. Nummereringa var bytta om, vogn 4 fremst og vogn 2 lengst bak – ei rask vandring med barnevogn og ein fireåring på slep starta brått. Da dei nådde vogn 2 viste det seg at det ikkje var ei familievogn med plass for barnevogn og dei laut gå heile vegen tilbake for det var vogn 4 som var familievogn denne dagen!

Bestemor var med som bagasje-sjauar og gjekk derfor inn på vogn 4 med bagasjen. Forskrekka oppdaga ho at barnevogn-plassane var opptatt av håndbaggasje og vogna var full av folk som slettes ikkje var på familievognreise. Ho laut berre slenge frå seg bagasjen og komme seg av toget, for ho skulle ikkje vera med til Oslo. Ute på perrongen stod dotter vår med barnevogn og ein fireåring og ein konduktør som var irritert fordi ho ikkje kom seg på toget fort nok!

Reisa til Oslo starta og passasjerar rydda litt bagasje slik at barnevogna fekk plass. Så kom neste sjokket – det var ikkje att sitteplassar i vogna og dei nummererte førehandsbestilte sitteplassane som ho hadde fått var ikkje der. Ho spurde konduktøren, som verka både stressa og frustrert, om kor det hadde blitt av dei forhåndsbestilte sitteplassane og han svara at det hadde blitt tatt vekk eit vognsett og at slik informasjon regna han med at ho skulle finne på nettet! Det var heldigvis to snille reisande damer som oppfatta den fortvila situasjonen og baud fram sitteplassane sine.

Dette er eit døme på korleis passasjerar ikkje skal oppleve ei togreise. På Otta stasjon er det dessutan eit aukande problem at Bane NOR ikkje legg til rette med nok parkeringsplassar for reisande. Dette blir ekstra dumt når vi blir oppfordra til å reise kollektivt i dette landet. Det kan vera freistande å foreslå at FY er eit betre namn på det nye NSB enn VY – kan vi sjå fram til betre service med konkurranseutsetting på Dovrebanen tru?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags