Støtt opp om streiken vår for klimaet!

Av
DEL

leserinnlegg 

Fredag 15. mars demonstrerte elevar i 123 land verda over mot myndigheiter dei meiner ikkje tek klimaendringane alvorleg nok. Streikane blei støtta blant anna av Tysklands forbundskansler Angela Merkel.

Fredag den 22. mars arrangerer Natur og ungdom nasjonal skulestreik i heile Norge, men denne blir ikkje støtta av Erna Solberg. Statsministeren meiner nemleg at streiking for klimaet ikkje kan reknast som gyldig fråvær i skulen, og seier i følge NRK at «skolene heller burde gripe denne muligheten til å diskutere med elevene i samfunnsfag hvordan man skal påvirke politikerne [...]».

Dette gjer at mange vel å ikkje streike, i frykt for å komme over fråversgrensa på 10%. Eg er ueinig med statsministeren, og meiner at denne streiken vekkjer viktig politisk engasjement hjå barn og unge. Dette engasjementet burde vi som elevar få lov til å utøve i praksis, fordi det er ein sak som i stor grad påverkar framtida vår. Ikkje minst vil dette gje mykje større læringsutbytte enn ei skulebok!

Eg oppfordrar derfor politikarane som skuleeigarar til å la elevar, både i ungdomsskulen og på vidaregåande, sleppe å få fråvær under den nasjonale streikedagen den 22. mars.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags