Ettersom det ikkje er flatehogst som lagrar karbon best, men område der vi har teke vare på naturmangfaldet, ville det vera ein glimrande ide å verne meir skog

Område der vi best har teke vare på naturmangfaldet, lagrar best karbon Da er det ein glimrande ide å verne meir skog, meiner Torgeir T. Garmo.

Område der vi best har teke vare på naturmangfaldet, lagrar best karbon Da er det ein glimrande ide å verne meir skog, meiner Torgeir T. Garmo. Foto:

Av
DEL

debatt

 

Gjennom milliardar av år har atmosfære og vêrlag på Jorda vore i endring. Dei eldste livsformene i havet er vel 3700 millionar år gamle. For om lag 450 millionar år sia hadde dei vore med å endre samansetjinga av havet og dermed også lufthavet så mykje at Livet kunne gå på land og utvikle seg vidare.

I dei neste hundre millionar år blir Jorda grøn for fyrste gong. Dei enorme skogane som breier seg utover kontinenta i periodane Devon og Karbon bidreg til at atmosfæren langsamt får den samansetjing vi kjenner med 21 % oksygen og 78 % nitrogen. Den siste prosenten består av ein edelgass, argon, ørsmå mengder av vassdamp, karbondioksid (CO2), og metan.

Gjennom det som geologane kallar «djup tid» har mengdene av det vi kallar «drivhusgassar» i atmosfæren truleg variert sterkt utan at vi har full oversikt over dette i dag. Vulkanutbrot, gassutslepp frå gloande magma og brennande skogar har auka CO2 innhaldet. I andre periodar har djuphava vore oksygenfattige og organisk materiale har vorte slamma ned, medan vidstrekte sumpskogar har dekt landjorda. Og når havbotnen og sumpområda etter kvart vart dekte av sediment og pressa ned i djupet, tok dei karbonet med seg og skapte det om til kollag og oljeforekomster medan dinosaurane kom og gjekk ...

Noko forenkla kan det seiast at karbonet har to krinslaup: Eit biologisk laup gjennom biosfæren, og eit geologisk laup gjennom «djup tid» i jordskorpa. Og fordi mengda av CO2 i atmosfæren er den viktigaste regulatoren av temperaturen på Jorda, bør ein veta kva ein gjer når ein endrar mengda av dette!

Med dagens teknologi tek mennesket årleg ut 10 milliardar tonn karbon frå det geologiske lageret, og flyttar det over i det biologiske krinslaupet. Når dette karbonet, bind seg med oksygen, får vi danna om lag 35 milliardar tonn CO2. Eller sagt på ein annan måte: Etter at vi tok i bruk kol i den industrielle revolusjonen, og litt seinare også olje/gass som energikjelder, har vi gradvis auka mengda CO2 i atmosfæren frå 250 gram pr. tonn luft til 406 gram, altså med over 60 %.

Det bør vera innlysande at når ein endrar samansetjinga av ein gass, vil ein også endre eigenskapane.

Sjølvsagt finst det ei heil rekkje med andre faktorar som kan virke inn på klima på Jorda.

 Energimengda vi får frå Sola ser ut til å vera svært stabil over lang tid, og varierer truleg med mindre enn 1 %. Sjølve bana Jorda fylgjer kring sola, varierer regelmessig mellom ellipseform og nesten sirkulær, og jordaksens helling på planet varierer mellom 22,1 og 24,5 grader. Endringar i desse parametera går uhyre sakte, med menneskelivet som målestokk, men kan gjeva store utslag i klimabiletet. Truleg er slike endringar hovudårsaka til istidene i Kvartær.

Her nede på jordoverflata kan store vulkanutbrot skapa raske endringar. Etter at Pinatubo-vulkanen eksploderte på Filippinane i 1991 og spydde ut enorme mengder av oske/partiklar og ulike syrer og gassar, fall gjennomsnittstemperaturen på Jorda dei neste to åra med 0,5C.

Men dei fleste endringane er svært langsame, slik som t.d. kontinentaldrift som flyttar Det baltiske og Det nordamerikanske kontinenta nærare kvarandre omtrent i den farten neglene veks på fingrane dine. Slike forflytningar kan likevel over geologisk tid stengje sund og tvinge havstraumar til å finne nye vegar, slik som i Beringstredet.

Det er også slik at halvparten av dei menneskeskapte CO2-utsleppa hittil har vorte absorbert i havet og av vegetasjon og myrer. Derfor har avismeldingar om tropiske regnskogar som blir hogde ut i høgt tempo i fjerne land med rette sett ein støkk i oss. Men faktum er at dei boreale skogane, som også dekkjer lier og vidder i vårt eige land, lagrar meir CO2 enn tilsvarande areal i Brasil. Og ettersom det ikkje er flatehogst som lagrar karbon best, men område der vi har teke vare på naturmangfaldet, ville det vera ein glimrande ide å verne meir enn dei 3,1 % av dei produktive norske skogane vi hittil har sett til sides.

Meir enn 7 500 millionar menneske bur nå på Jorda. Vi hoggar ut skogane, drenerer myrene og dekkjer dei viktigaste biotopane på overflata med byar, vegar og alle slags tekniske installasjonar.

Klimaendringane er Planetens svar på endringane på jordoverflata.

Det er knapt nok å greie å stoppe oppvarminga på 1,5C. Vi må lære oss å tenkje på ein måte som tek ansvar for alt liv på planeten Jorda.

Torgeir T. Garmo

Lom

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags