Reis til Krim og finn håp

Av
DEL

Leserinnlegg
Våre eigne politikarar tek ifrå oss alt håp, ikkje berre om ei betre framtid, men om ei framtid i det heile. Håpet blir slukt av krigslyst og militarisme. Smilet til Erna frå ei stridsvogn, hjelper oss ikkje det grann. Politikarane får all mogleg hjelp av massemedia. Slik får dei makta over folket.

Ved eit slumpetreff vart eg den siste i ei norsk gruppe på ni som var på Krim i månadsskiftet september/oktober. Der fekk eg att håpet. Det var to grunnar til det:

1. Møte med politikarar som verka så annleis enn våre. Dei var meir truverdige og fredelege. Sjølvsagt var dei sterke motstandarar av sanksjonane som etter deira meining berre styrka motsetningane og gjorde faren for krig større.

2. Besøk på verdas største internasjonale barnesenter i Artek som ligg i byen Jalta. Dette senteret vart stifta i 1925 av daverande sjef for Raude kors i Sovjetunionen. Dei fyrste fire åra gjekk   arbeidet fyrst og fremst ut på å betre helsa til barn.

Ein av sjefane i Artek, den unge kvinna, Nina frå Sibir, var guide for oss dei timane vi var der. Ho sa at nærast frå fyrste stund hadde hovudmålet med leiren vore å hjelpe til med å skapa fred i verda og å lære seg til å løyse konfliktar på fredeleg vis. Ingen ting kunne da vera betre enn å arbeide med barn mellom 11 og 17 år.

Sist sommar hadde dei hatt barn frå meir enn 60 land. Blant desse landa var USA, Mexico, Kina. Japan, Sør-Afrika, Frankrike og Tyskland. I ei brosjyre som eg fekk, stod det at i perioden 2014-2016 hadde dei mellom anna hatt barn frå Danmark, Finland og Sverige, og også frå Storbritannia, Serbia, Israel, Sør-Korea og Mongolia.

I sommarhalvåret er barna der vanlegvis i tre veker. Om vinteren har dei færre barn og eit opplegg som liknar ein del på vanlege skular. Dei har i overkant av 290 lærarar og 500 unge rådgivarar. Frå 2020 og framover reknar dei med å ha 45.000 barn kvart år.

Det er bra at dei i andre land, også hos vår «store fiende», driv aktivt fredsarbeid. Så får vi drive med sanksjonar, krigsførebuing og provokasjonar – til vi går luta lei av det.

Vi vart til slutt med på lunsjen på Artek. Eg plasserte meg ved eit bord der det stod eit brett med mat. Eigaren var der ikkje.

Under over under: Nina kom og sette seg ved sida av meg. Da var eg nær ved å tru på Gud. Nina er så vakker og har eit slikt fint og godt vesen at ho framkalla ein innvendig gråt hos ein 84-åring.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags