Dekning av kulturarrangement i GD

KULTURJOURNALISTIKK: Som lesar er det iallefall ikkje slik eg vil ha det, skriv Trond Halle om GD sin måte å dekkje konsertar og festivalar. På biletet er Halle saman med Johnny Lønning (t.v.) på bass.

KULTURJOURNALISTIKK: Som lesar er det iallefall ikkje slik eg vil ha det, skriv Trond Halle om GD sin måte å dekkje konsertar og festivalar. På biletet er Halle saman med Johnny Lønning (t.v.) på bass. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Leserinnlegg
Det har siste tida vore diskusjon i avisa om korleis GD vektlegg og dekkjer kulturhendingar i avisa. Det blir frå avisa si side hevda at dei skriv for lesaren og ikkje for kulturarrangørar og aktørar.

Som lesar og musikkinteressert er eg forundra over korleis GD dekkjer ulike arrangement og festivalar i distriktet. Ta for eksempel festivalane Rondaståk og Countryfestivalen på Vinstra. Stort sett alle foto og tekst dreier seg om publikum!

Eg var ikkje på Rondaståkfestivalen, men var litt interessert i artistane som spelte der, men det stod nesten ingen ting! Eg var også inne på nettsidida. Det var ein drøss med bilde. Nesten alle var av glade festivalfolk uttafor telt og lavoar med ølboksar og vinglas i handa. Men eg fann knapt eit bilde av artistane, korkje nasjonale eller lokale heltar!

Kor interessant kan det vera for den vanlege lesaren å sjå ein drøss med campingbilde. Kanskje artig for dei som er med på bilde?

Det blir hevda at norsk konsertpublikum er meir "snakkesalige" enn dei er i andre land. Det vil si at folk går på konsert, men er meir interesserte i å prate med sidemannen, ta selfie og drikke øl, enn å høyre på musikken dei har betalt for å høyre.

GD sin måte å dekkje konsertar og festivalar på er muligens ein del av denne trenden. Der musikken og kulturinnslaga spelar ei underordna rolle.

Eg synes kanskje at media, både GD og andre, burde ta litt ansvar og spela ei oppdragande rolle her og ikkje berre tute fram slik dei trur den såkalla lesaren vil ha det. Som lesar er det iallefall ikkje slik eg vil ha det!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags