Kva betyr den øyredøyvande stilla rundt diktarhus-planane?

Hus: Knut Hamsun, Lisbet Lid Venås, Tor Jonsson, Vera Henriksen, Olav Aukrust og Jan-Magnus Bruheim. Kva skjer med planane om diktarhus?

Hus: Knut Hamsun, Lisbet Lid Venås, Tor Jonsson, Vera Henriksen, Olav Aukrust og Jan-Magnus Bruheim. Kva skjer med planane om diktarhus?

Av
DEL

debatt 

Lom, Skjåk og Vågå kommunar har løyvd pengar for at Nynorsk Kultursentrum skulle greie ut om vår region skulle bli ein del av satsinga til senteret. Nynorsk Kultursentrum er lokalisert i Ørsta, men har nå også Olav Hauge-senteret (i Ulvik) og Vinje-senteret som ein del av sin organisasjon. Grunnlaget for eit tilsvarande senter med arbeidstittelen «Diktarhus» skulle kartleggast gjennom det arbeidet Ottar Grepstad skulle gjere her i Ottadalen.

Utgreiinga enda opp med ei negativ tilråding, og styret i Nynorsk Kultursentrum slutta seg til konklusjonane. Det gjekk som det altfor ofte går i desse bygdene våre. Vi, dvs. kommunane Lom, Skjåk og Vågå, prøvde ikkje å nå fram. Åra gjekk. Pengar frå Statsbudsjettet kjem ikkje av seg sjølv til Ottadalen.

Vi får ikkje det administrative kraftsenteret som kunne ha vore grunnlag for ein brei kulturaktivitet i regionen. Viktigaste årsak er nok diverre manglande engasjement og framdrift frå kommunane si side. Dette gjorde at Vinje tok innersvingen og tida rann frå prosjektet. Difor skeiv Nynorsk Kultursentrum alt i årsrapporten 2014: «Nynorsk kultursentrum gjorde det difor klart overfor kommunane i Ottadalen at Vinje-senteret gjekk føre av di den saka kom mykje lenger mykje fortare.» (s. 15. i utgreiinga)

Organisasjonane som står bak dette skrivet, spør kommunane: Kva nå?

Vi har ikkje sett reaksjonar frå kommunane i det heile teke. Ikkje frå ordførarane. Ikkje frå kultursjefane – eller kanskje har vi ikkje kulturansvarlege? Ikkje frå opposisjonen. Kva betyr denne øyredøyvande stilla? Er det slik som enkelte røyster hevdar, at kommunane trekkjer ein letta sukk: nå slepp vi å arbeide med dette, slepp å tenke, slepp å løyve?

Organisasjonane utfordrar kommunane: For det første inviterer vi til eit møte i februar der dei politiske partia gjer greie for korleis dei vil forplikte seg til å ta vare på historie, dialekt, skriftspråk og kultur i neste kommunestyreperiode. Kva står det om dette i partiprogramma? For det andre utfordrar vi kommunane til å ta saka opp på eit kommunestyremøte i vår. Vi ser fram til debatten og møter opp for å lytte.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags