Eit bomskot å bruke ein kronhjort for å illustrere bukkerittet hans Peer Gynt

- Bukken er flott nok, den. Men å presentere ein kronhjort for å illustrere bukkerittet hans Peer Gynt , er vel eit bomskot litt langt utanfor innartiaren, skriv Mathias Øvsteng.

- Bukken er flott nok, den. Men å presentere ein kronhjort for å illustrere bukkerittet hans Peer Gynt , er vel eit bomskot litt langt utanfor innartiaren, skriv Mathias Øvsteng. Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg
Dei siste dagane er vi godt og vel orienterte om kunstverket som har kome opp på kommunehusveggen på Vinstra. Vi har fått veta at det er Visit Oslo i samarbeid med Innovasjon Norge og reklamebyrået Bleed som står bak prosjektet – og at dei profilerer opplegget ved å vise til Peer Gynt og bukkerittet. Sjølv Henrik Ibsen fekk lov å vera med på seansen i heisekrana, er det likt til – da hans litterære bukkeritt på reinsryggen skulle illustrerast – med ein prektig kronhjort!


Dette er på nippet til å vera i overkant morosamt på den eine sida – på den andre må det seiast å vera noko leitt.


Det estetiske og kunstnariske ved tiltaket har ingen relevans i denne samanhengen – bukken er flott nok, den. Men å presentere ein kronhjort for å illustrere bukkerittet hans Peer Gynt – og vise til at det er «å gjenspeile vinterlivet i dette området» (slik Martin Whatson er sitert i GD)» er vel eit bomskot litt langt utanfor innartiaren.


Kanskje er det einkvan som hadde hatt godt av litt ekstraundervisning i litteraturhistorisk bakgrunnskunnskap og grunnleggjande zoologi her?


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags