Anna (25): – Når min kvinnekropp blir brukt i forhandlingar er det tid for handling

Anna Linnea Steen frå Vågå maner til kamp på kvinnedagen

Anna Linnea Steen frå Vågå maner til kamp på kvinnedagen Foto:

Av
DEL

lesarinnleggBeklagar å måtte melde at det framleis forgår ein kamp, ein kamp om fridom og likskap! Vi skriv 2019 og snart er det kvinnedag. Spør du meg om vi treng denne dagen i 2019, er svaret tydlegare enn på mange år.

Når kvinners rett til sjølvbestemt abort står på spel, min rett til å bestemme over eiga kropp blir brukt i forhandlingar, er det tid for handling.

Når kvinner sin gjennomsnittlege månadslønn er 87,5 % av menns, og når 35 % av kvinnene jobbar deltid, og berre 14 prosent av mennene gjer det same, er ikkje dette lenger eit spørsmål.

Så spør du meg om vi treng denne dagen i 2019, då er svaret mitt, ja!

At det i 2019 i det heile tatt skal vera nødvendig å forsvara min rett til å bestemme over eiga kropp er i mine auge skremmande. Vi har nå den blåaste regjeringa sidan før 2.verdenskrig. Vi er inne i det 6. året med denne regjeringa og likestillinga i samfunnet har vorte svekka i løpet av desse åra. Nå er det til og med lagt fram eit nytt forslag på abortlova. Kvifor endre den som alt fungerer? Denne lova har våre kvinner kjempa hardt for, og vi skal fortsetta å kjempe for denne lova og våre rettar. Det som er trist er at dette skal væra nødvendig 41 år etter at abortlova vart kjempa fram. Det som er enda meir trist er at statsminister Erna Solberg forhandlar vekk kvinners rettar for skaffe seg sjølv makt.

Det er nå viktigheita med kvinnedagen kjem fram. Vi må nå ta opp igjen kampen som våre kvinner har kjempa for, og fortsette å kjempe. Nå står nok ein gong kvinners framtidige rettigheiter på spel, og det er vårt ansvar å kjempe for dei!


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags