Kva vil skje om ein legg ned ungdomsskulen på Lesjaskog?

Marianne Motterud er uroa over at Lesjaskog skule blir råka av budsjettkutt.

Marianne Motterud er uroa over at Lesjaskog skule blir råka av budsjettkutt. Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg 

Lesja er ein lang kommune, godt over fem mil lang. Dette er utfordrande med tanke på plassering av f.eks. skule, kommunesenter osv.

Det kan høyrest så enkelt ut, vi treng å spare pengar, og ved å legge ned ungdomsskulen på Lesjaskog så sparer vi ikkje berre småpengar. For akkurat det hjelp ikkje lenger, nå vil det bli kutt i tenester, folk kjem til å kjenne det på kroppen, det har vi fått høyre mange gonger den siste tida.

Men er det så enkelt? Er det berre eit økonomisk spørsmål? Og kor stor er ringverknaden av å spare 1,8 millionar? Kor mykje innsparing er det eigentleg i det lengre løp?

Kven går det eigentleg utover? Og kan innsparinga og den totale pakka ved å legge ned ein ungdomsskule målast i pengar?

Elevane må fraktast med buss, på ein veg som ikkje er trafikksikker. I all slags vær skal ungane våre, det mest dyrebare vi har, framtida vår, ut på denne vegen, kvar einaste dag heile veka.

Kva vil desse ungane ha med seg som verdiar, minne og identitet når dei om nokre år flyttar ut frå Lesja? Lesja kommune ynskjer seg stadig nye innbyggarar. Eg trur ønsket om å flytte heim kjem etter at ein har forlate heimstaden. Når ein frå utsida ser attende, ser ein tydelegare kva det var som var så bra med å bu nettopp her! Ein overlever ikkje her heller av fin natur og frisk luft, men det hjelp på for mange av oss. Men det som eg trur mange tenkjer attende på, er tryggleiken, samhaldet på tvers av alder, alle kjenner alle og folk bryr seg.

Ved ein eventuell nedlegging av Lesjaskog ungdomsskule, vil det få ringverknader langt utover at ungane skal fraktast eit par timar i buss kvar dag.

Det vil ikkje lenger vera attraktivt å bu i denne delen av Lesja. Ein distanse på 3 mil som kan bli fråflytt. Vil det da vera attraktivt med hytte på Bjorli/ Lesjaskog / Lesjaverk? Det vil kanskje ikkje vere folk til å drive næringsliv, turisme og til å jobbe i kommunale stillingar.

Er det slik vi ynskjer det? Ei bygd er bygd opp nettopp fordi vi har sosiale møteplassar, aktivitet og at folk i alle aldrar bur der. Slik er det vest i Lesja nå. Eit samhald, ein stoltheit og eit ansvar for kvarandre. Det er ikkje for oss som «berre» bur 3 mil frå Lesja sentrum det blir verst. Men vi står saman, og tenkjer på dei som får enda lengre reiseveg. Vi veit at det fort kan bli aktuelt for fleire familiar å flytte, og da flytter dei nok ikkje berre til Lesja sentrum. Viss 4 familiar flytter frå Lesja, så har mest truleg vinninga gått opp i spinninga. Og Lesja har enda færre innbyggarar. Har vi råd til å miste dette? Ser politikarane det store bildet eller er dei for opptatt av å finne innsparingstiltak, her og nå? Vær snill og tenk på ringverknadene. Det er ikkje sikkert det er så stas å bu synst i kommunen heller, om den andre delen er fråflytt!

La oss framleis ha to 1–10 skular i Lesja!

Eg har budd 11 år utanfor Lesja, men ikkje angra ein dag på at eg fløtte heim. Eg vil at folk i framtida også skal kunne velje å flytte heim, nettopp pga. særdeles gode oppvekstvilkår, med tilgang til barnehage og skule i akseptabel avstand.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags