Strukturendringar og innsparing(?) i Lesja

Lesjaskog skule, sentral i ordskiftet om kommuneøkonomien i Lesja.

Lesjaskog skule, sentral i ordskiftet om kommuneøkonomien i Lesja. Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg

Registrerer at politikarar i Lesja er i harnisk over dyr si reisetid til Nortura Rudshøgda kontra til Nortura Otta. Heilt einig i det, men tillèt meg også å trekkje parallellen til skulebarn i Lesja Vest nå i desse skulenedleggingstider. 2 timar og 20 minutt på buss 5 dagar i veka vil kjennast på kroppen, også for ein 13–16 år gamal ungdom. I Nortura–saka har «smått er godt» og «viktigheita av nærheit» vore poengtert, pluss «ikkje miste viktige funksjonar i lokalsamfunnet». Fint å sjå at politikarar i Lesja har fokus på dette, håpar det gjeld i eigen kommune også.

Ein Lesja–politikar uttala seg om Nortura–saka i GD: «(Nortura) Otta scorer godt på alt de driver med, og det tilsier at de ikke bør legges ned… Ringvirkningene er også store.» Det same kan vel seiast om Lesjaskog Skule/Lesjaskog Ungdomsskule?

Ein politikar frå Nord–Fron sa i same GD – sak: «Godt drevne anlegg, ikke altfor store, er framtidsrettet. Strukturelle grep gir ikke bestandig ønsket effekt.» Igjen vil eg trekkje parallellen til Lesjaskog Skule/Lesjaskog Ungdomsskule og heile samfunnet i Lesja Vest.

Flytting er også eit stikkord i Lesja Vest i desse dagar. Flytting av u–skule. Flytting av ulike tilbod. Flytting av helsetenester. Flytting av kompetansearbeidsplassar. Flytting. Ja, flytting kan fort bli aktuelt. Men barnefamiliar og andre som no ser seg nøydd til å sjå flytting som eit klarare og klarare alternativ, kjem ikkje til å flytte til kommunesenteret ...

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags