I Gudbrandsdalen skjer det utruleg mykje positivt for tida. Som nyleg attendefløtt gudbrandsdøl er det morosamt å sjå at mange kreative, unge fløtt heim. Idear kjem til live og nye verksemder blir starta. Eg opplever at fleire ser starten på ei ny utvikling i dalen. Samtidig er folkenedgangen eit faktum, og vi må arbeide målretta for å få fleire til å flytte til regionen.

Sjølv om det er ein overordna sentraliseringstrend, er det mange som ønskjer å flytte ut av byen til meir landlege omgjevnader. Mange av desse har teke eit bevisst val, og set nærleik til natur og ein rolegare kvardag høgare enn karriere. Samtidig er vi i hard konkurranse med andre distrikt om å trekke til oss desse folka. Gjennom mine ti år i Oslo opplevde eg at Gudbrandsdalen var oppfatta som meir anonym og mindre framtidsretta enn andre regionar. Men Gudbrandsdalen har minst like mykje å by som til dømes som Valdres, Rauma og Lofoten.

Kvifor er det slik? Desse regionane har arbeidd målretta for å bli kjend som stader som tilbyr det potensielle tilflyttarar er ute etter. Dei fortel historier om folk som bur der, og det livet dei lever, som andre drøymer om. Regionane blir oppfatta som ambisiøse og framtidsretta. Det gjer at folk ønskjer seg dit, sjølv om dei kanskje ikkje har meir å tilby enn Gudbrandsdalen.

Vi må difor marknadsføre Gudbrandsdalen i større grad enn i dag. Kommunane, næringslivet og privatpersonar må saman bygge merkevara Gudbrandsdal, slik at vi blir den staden folk ønskjer seg til. Mange gudbrandsdølar lever det livet tilflyttarane drøymer om, men vi innser det kanskje ikkje sjølv. Vi har naturen nær oss, eit breitt aktivitetstilbod og engasjerte lokalmiljø, ideelle oppvekstforhold med god barnehagedekning og høg kvalitet på barnehagane og skulane. Dette må synast fram!

I tillegg har vi mange hubar og næringsparkar som bør framhevast slik at folk med alle slags yrke ser at det er mogleg å arbeide utanfor dei store byane.

Billige tomter og god infrastruktur kan nyttast og marknadsførast på ulike måtar for å trekke til oss gründerverksemd. God nettilgang er avgjerande for å lukkast, og kommunane og næringslivet må vera aktive pådrivarar for breibandutbygging.

Vi må vise at vi er framtidsretta, opne for nye idear, og at vi tør å satse. Dette må vi vise gjennom handling, og ikkje berre ord.

DOGA skriv om korleis små kommunar kan og bør bruke sine fordelar til å trekke til segdarar og næringsverksemd. Artikkelen beskriv korleis Træna bygger eit «Spatrium», som skal vere artist-in-residence-bustad, museum, hotell og badstue/spa på same stad. Ei gjennomført arkitektonisk perle, som mange vil ønskje å vere ein del av. Slike prosjekt kan realiserast på grunn av digitalisering, moglegheitsorienterte kommunar og visjonære privatpersonar.

LIV LAGA - GD-fokus på utvikling i distriktet

Færre innbyggere – og eldre innbyggere. Utviklingstrekkene preger mange distriktskommuner - også i Gudbrandsdalen.

GD har invitert en rekke kvinner til å skrive om sine tanker, sine ideer, sine drømmer, sine framtidshåp for hva som skal til for å gi innhold til slagordet «Liv Laga – utvikling i distriktet».

Hva bør gjøres annerledes? GD ønsker debatt og oppmerksomhet om temaet.

For Gudbrandsdalen er det avgjerande å gjere alt dette som ein samla region. Ein felles Gudbrandsdal stiller mykje sterkare enn tolv små kommunar. Dette blir spesielt viktig fram mot fylkessammenslåinga.

Og ja – det er andre distrikt som kan skilte med noko av det same som oss. Men det at store deler av Noreg har fin natur, betyr ikkje at vi ikkje bør skryte av og marknadsføre vår eigen. Sjølv om fjella er velkjente for oss, er dei ville, ukjende og eksotiske for dei fleste andre.

Vi treng ikkje at heile Noreg skal flytte hit, men vi treng at nokre av dei som ønskjer å flytte på landet finn vegen hit. Klarer vi på ein god måte å syne kva Gudbrandsdalen har å by på, er eg trygg på at fleire vil bu her i dalen vår.