Da eg var ferdig utdanna innan organisasjon og leiing var eg så heldig å få arbeid i heimbygda mi, Vågå.
Vågå er ei bygd med storslått natur, gardsbruk med sjel, godt samhald og rause menneskje. Bygda har blitt ein del av meg og min identitet. Det var dette eg lengta attende til.
Det er store moglegheiter eit lite samfunn kan by på. Der ein ser at den innsatsen vi legg inn utgjer ein forskjell. Det å vera med å forme og utvikle ei bygd for framtida er både spennande og gjevande.
Gjennom mitt verv som ordførar har eg vore så heldig å fått sett så mykje gode initiativ, og ikkje minst vorte kjent med så mange dyktige og engasjerte folk.

Iselin Vistekleiven

Ordførar (Ap) i Vågå

Leiar av regionrådet for Nord-Gudbrandsdal



Det er ikkje så farleg å engasjera seg som folk trur. Gro Harlem Brundtland var oppteken av og nemnde ved fleire høve det kollektive ansvaret vi alle må ta. I si nyttårstale i 1995 sa Gro; «Vi har glemt det gode gamle kollektive ansvaret. Nabokjerringer som følger med og kjefter, er der ikke lenger. Vi må få folk til å bry seg om hverandre igjen».

Dette like aktuelt i dag som den gongen. Det å skapa og dele saman med andre er viktig for samhaldet, i ei verd der demokrati og ytringsfridom blir trua av hat og fiendskap.

LIV LAGA - GD-fokus på utvikling i distriktet

Færre innbyggere – og eldre innbyggere. Utviklingstrekkene preger mange distriktskommuner - også i Gudbrandsdalen.

GD har invitert en rekke kvinner til å skrive om sine tanker, sine ideer, sine drømmer, sine framtidshåp for hva som skal til for å gi innhold til slagordet «Liv Laga – utvikling i distriktet».

Hva bør gjøres annerledes? GD ønsker debatt og oppmerksomhet om temaet.

Ein verdi som ikkje kan målast i pengar, er den evna vi har til samhald og dugnadsånd i ei lita bygd. Eg har vore så heldig å fått vore med på fleire opningar av anlegg og arrangement der det meste har vore utført på dugnad, gjerne med støtte frå kommunen og privat næringsliv.

I Vågå har vi dei siste åra fått mange anlegg som ikkje hadde kome utan ein stor dugnadsinnsats, utført av eldsjeler.
Med dette meiner eg at det er nødvendig med eit godt samarbeid mellom det frivillige, private og offentlege i bygda, og godt samarbeid og nettverksbygging regionalt og nasjonalt. Telemarksforsking seier noko om kva betyding desse strukturelle forholda har for attraktiviteten i eit lokalsamfunn.

For å lykkast må ein stå saman; Det er svært få menneskje i verda som har gjort suksess heilt aleine.
Vi må inkludere, gi støtte, ha omsorg og respekt for kvarandre, og sist men ikkje minst må vi unne kvarandre suksess og beundre kvarandre sine resultat. 

Vi er best når vi saman skapar utvikling. Det er imponerande å sjå alle dei prosjekta som blir gjennomførte i løpet av eit år. Der mange arrangement og tiltak blir sett i verk. Traktorrock er eit arrangement som blir arrangert av «Kvinner i landbruket». Finnasus Grendafestival i regi av grendelaget er eit anna. Synergiane slike arrangement gjev er mange. Det at det kjem fleire tilreisande gjer at våre lokale tilbod blir meir etterspurde, det blir skapt aktivitet og sosiale møteplassar. 

Det skjer stadig noko nytt. Vi har fått ny kunstgrasbane på Halland, nytt skianlegg for barn og unge på Mån, ny rulleskibane på Lalm, og i Nordherad kan vi gå langs opparbeidde stigar i eit av Noregs 22 utvalde kulturlandskapsverneområde. Vi har fått oss mang ein god latter etter at Sjårdalsrevyen kom i gang att. Alt dette blir gjennomført med ein stor dugnadsinnsats av innbyggjarane våre.

Det er triveleg å sjå kor mykje slike tiltak betyr for ei bygd. Utan denne innsatsen hadde Vågå kommune vore ei fattigare kommune. 
Det blir halde mange små og store arrangement av god kvalitet. Vi som bur her er heldige som kan delta på slike tilbod året gjennom om vi vil. Vi ser ei god framtidstru og vilje til å satse i kommunen vår.