Eg har følgt med på "liv laga" innlegga, og andre reportasjar om heimfløtte dølar som omhandlar kva som skal til for å få folk til å flytte/flytte attende og leve det "gode liv" i dalen.

Denne "reklameplakaten" har etter mi meining vorte svært einspora. Framstillinga blir i altfor mange høve at kjem du hit så kan du leve ut den nasjonalromantiske draumen med utsikt til dei høgaste toppar, medan du nyt ein kortreist og langtidsheva kanelsnurr frå eit lokalt bakeri.

Tilflyttarar som forventar å møte dette glansbilete av å bu på landet, kjem til å bli skuffa!

I kampen om å karre til oss nye innbyggjarar så bør i vi i staden for å skape urealistiske forventningar bevege oss bort frå denne romantikken, og heller prøve å selje dalen og folket slik den er.

Gudbrandsdalen har gjennom tiår og hundreår fostra opp mange flinke og dyktige arbeidsfolk. Det var "kampen for tilvære" som gjaldt. Dette gjorde dei både kreative og innovative, og reiste dei til "byn" så var dei attraktive nettopp fordi dei var kjend for å vere flinke til å arbeide. Sindige og trauste dølar med høg arbeidsmoral var ei merkevare i bynære strøk. Dei levde ikkje den nasjonalromantiske draumen dei heller. Kanskje er det det som er dalen. Skal du flytte hit, og bu her så må du vere både innovativ og arbeidsam. Her kan du skape din eige arbeidsplass men da må du forvente hardt arbeid. Du kan ikkje forvente å bruke mindre tid på kvardagens jag med jobb og andre naudsynte forpliktingar.

Fylkesordførar Even Aleksander Hagen trekte i GD fram eit knippe namngjetne unge namn etter at han hadde vore på næringslivets dag på Rudi. Sitat: "De briljerte, og det gir framtidstro!" Han trekte også fram nokre merkevarer med god gjenklang; Brimi, Annis, Bakeriet, Avdem og Gudbrandsdalsmat.

Det er vel desse han meiner er Gudbrandsdalen sine X-faktorar, og det har han sikkert mykje rett i. Eg skulle ynskje at ein kunne sjå litt lengre og utvide dette omgrepet. Gudbrandsdalen er full av X-faktorar. Folk som kvar einaste dag går på jobb på større og mindre arbeidsplassar. Dei som står opp kvar einaste morgon i sitt vanlege hus, med utsikt inni stoveveggen til naboen. Dei som går på jobb på Nortura, Tine og Nordan. Dei som reiser til Sundheim, Vågåheimen og andre store arbeidsplassar innan helsesektoren. Dei som kjempar ein dagleg kamp om heiltidsjobbar og ekstravakter. Dei som har skapt sine eigne arbeidsplassar som i neste omgang har gjeve hundrevis av dølar arbeid, til dømes i bygg- og anleggsbransja. Dei som har starta frå null, og som har jobba hardt og målretta. Og ikkje minst alle dei som jobbar i primærnæringa og som dannar grunnlaget for det meste andre som allereie har vore nemnt.

Det er desse, blant andre som er Gudbrandsdalens X-faktorar. Hardtarbeidande dølar som lever vanlege og gode liv. Men desse blir ALDRI trekt fram i "reklama" for dalen. Det er ikkje romantisk nok, det er for vanleg. Kva er det for type innbyggjarar vi ynskjer skal flytte attende eller busetje seg her? Det verkar på meg som "reklama" har sett seg fore å tilfredsstille eit lite segment av menneskje med høg og "kul" utdanning som har både moglegheit og økonomi til å leve ut den draumen vi ser i "reklama". Ja vi skal stå saman, vi skal heie på kvarandre …#8230;. men nå må det ikkje bli slik at vi heiar på dei same heile tida.

Då vi for 13 år sidan tok valet om å vende nasen heim til Gudbrandsdalen så var det lite, eller faktisk så godt som ingenting ved livet vårt som var på plass. Det einaste faste haldepunktet var at førstemann var i emning, ein gamal skrabb av ein bil og eit sterkt ønskje om å busetje seg der både eg og sambuaren min hadde røter og familie. Vi hadde utdanning, men vi hadde ikkje jobb. Ikkje hadde vi eige hus heller. Ingen stod klar med "draumejobben" til korkje meg eller sambuaren min. Eg vil ikkje seie at vi tok noko stor sjanse ved å flytte attende utan dette sikkerheitsnettet. Ting tek tid, og det gjorde det også for oss. Vi fekk da etter kvart både jobb og hus fekk vi kjøpt oss. Fekk vi draumejobben og draumehuset? Ja og nei …#8230;. for kva er det for oss "kvardagsmenneskje". Vi dølar lever ikkje i eit måleri av Tidemand og Gude. Vi er vanlege folk, med vanlege liv og vanlege jobbar. Og det er meir enn ok!!!

I media er det mykje fokus på "press" blant ungdommar. Kroppspress, karakterpress, kjøpepress, osb. Og vi vaksne auar og ber oss … #8230;jammen er det forferdeleg. I denne "reklameplakaten" for dalen så gjer vi vaksne akkurat det same. Vi skapar eit glansbilete av det å vende heim og bu i dalen, og sendar ut signal og "retningslinjer" om kva som er i ingrediensar i "det gode liv".

For ein del år attende sidan vitja NRK Vågå på grunnlovsdagen. Da vart det blant anna intervjua ein kar på direkten som fekk spørsmålet "kva er det som er så fint med å bu i Vågå?" Karen kvitterte ganske kjapt. "æ det så mykjy likare her heil an stand da?" Og kanskje er det dit vi må? Det er ikkje likare å bu her enn andre stader, og det er ikkje verre heller. Gudbrandsdalen har mykje unikt å by på, men for dei aller fleste som bur her (som alle andre stader i Norge), så er det flest kvardagar.

Det er etterlyst både attraktive jobbar, attraktive tomter og mykje til før folk kan ta avgjerda om å vende heim eller flytte hit. Ikkje forvent at alt blir servert deg på sølvfat. Denne kravmentaliteten om at alt skal vere tilrettelagt og perfekt gjer at vi sausar oss inn i ei urealistisk boble om kva som er det gode liv. "Det gode liv" kan vere så mangt, og for dei aller fleste av oss så bør det vanlege vere godt nok, både når det kjem til arbeid og husvære.