Gå til sidens hovedinnhold

Ja til alpinanlegg i Bøverdalen

Artikkelen er over 3 år gammel

Leserinnlegg Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Debatten om skianlegg i Bøverdalen er uråd å ikkje leggje merkje til. Ordskiftet går frekvent, både i media og folk seg imellom. Det er vel og bra, men eg har bite meg merkje i at haldningane til fleire er særs passive og ofte også negative. Er dette måten vi skal møte kreative, spanande og nytenkjande planar som kan styrke vårt distrikt? 

Eg forstår at anlegget som er tenkt i Bøverdalen kan vekkje ein viss skepsis. Anlegget er stort og vil påverke naturen i ein uviss grad på staden der det er skissert. Installasjonen er meir enn dobbelt så lang og høg som den største i Nord-Europa i fylgje Per Tore Berg sjølv. For fleire politikarar i Lom som er generelt redd for forandring og nye planar, forstår eg at dette kan virke skremmande. Det som er viktig å no sjå på før ein gjer seg opp ei meining, er kva eit slikt anlegg kan føre med seg.

Turisme er viktig for denne regionen. Eg trur det vil bli viktigare og viktigare. I eit land der oljepengane nesten har flote øver, har vi i lang tid skjemt oss bort. Det som er viktig no er å gje nasjonen berekraft, sjølv når olja er borte. Dette gjeld også Gudbrandsdalen, Ottadalen og ja, til og med Lom. Vi må slutte å tru at rundkøyringa på Bergom er sentrum i universet, og byrje å tilpasse oss omverda.

Lat oss sjå snøgt på kva eit slik anlegg kan føre med seg. Lom Kommune vil få ein ny turistmagnet som vil føre til at hotella, restaurantane, butikkane og generelt heile regionen vil få ein jamn og forutsigbar turiststraum gjennom heile året. Denne turiststraumen vil gjere at turistnæringa kan byggje seg ut, gje arbeid til fleire og samstundes gjere regionen meir attraktiv å busetje seg i. Eg registrerer også at klimaspørsmålet blir stilt. Dette er innvikla rekning. Alt for avansert for meg, Likevel tykkjer eg svaret til loms-ordføraren i kommunestyremøtet den 15. november var godt. Holø stilte spørsmålsteikn ved kor miljøvennleg det eigentleg er at vi nordmenn lasta passasjerfly fulle og reiste til Alpane for å stå på ski der. Artig og god vinkling frå ordføraren.

Eg trur at eit slik anlegg føre med seg mykje fint. Vi vil fyrst å fremst få fleire arbeidsplassar i regionen, og derifrå kan vi fort få fleire bebuarar. Vi vil få eit tryggare og sterkare næringsliv. Vi vil auke turismen. Vi vil gje oss sjølve berekraft som distrikt og sikre oss som turistnasjon året rundt. Dette må vi kjempe for. Ikkje imot.