Norskprodusert julemat – ja takk!

- Forbrukarane vert lurt når dei kjøper noko dei forventar skal være norskprodusert, men som har eit heilt anna opphav, skriv Marit Andrisdotter Kvam, organisatorisk nestleiar i Oppland Senterungdom.

- Forbrukarane vert lurt når dei kjøper noko dei forventar skal være norskprodusert, men som har eit heilt anna opphav, skriv Marit Andrisdotter Kvam, organisatorisk nestleiar i Oppland Senterungdom. Foto:

Av
DEL

Leserinnlegg 

Førjulsstria har i år som alle andre år vore ei travel tid  Det skal vaskast og ryddast, pyntast og handlast. Eit av dei viktigaste innkjøpa ein gjer til jul, er julematen,- og det aller viktigaste er ribba eller pinnekjøtet.

I frysediskane rundt om i landet har forbrukarane eit stort utval av julemat frå kjende merkevarer; Gilde, Fatland, Finnsbråten - lista er lang, og dette er produkt ein forventar skal væra av ypparste kvalitet, og ikkje minst NORSKPRODUSERT.

Etter årets turkesommar er det ganske hårreisande at ein finn ribbe frå Finnsbråten med Finland som opprinnelsesland, eller pinnekjøt av sau frå New Zealand, når ein veit at norske bønder det siste halvåret har slitt med å få nok for til dyra, og at mange også har slakta ned mykje dyr. I tillegg veit vi at det er store overskotslager av både sau og gris fordi det er overproduksjon.

Det er ingen logikk  i at vi skal kjøpe importvarer som ikkje har norske standarar, når vi kan få trygg mat frå den norske bonden.  Det er skremmande at internasjonale handelsavtaler fører til at vi kastar vrak på våre eigne produkt! Trass i at Noreg har eit strengt tollvern, er det kanskje ikkje strengt nok når vi får situasjonar som dette.

Eg vil påstå at forbrukarane vert lurt når dei kjøper noko dei forventar skal være norskprodusert, men som har eit heilt anna opphav. Det skal ikkje være slik at ein må finlese alle etikettar på alle produkt når ein handlar norske varemerke. Dessutan er det på grensa til eit hån mot bønder her til lands at maten dei produserer skal dumpast – til fordel for import frå industriland.

Det tryggaste er sjølvsagt og handle hjå lokale produsentar, med julemat som spesialprodukt. Slik er ein sikra både kvalitet og opprinnelse. Det er noko ein også skal kunne forvente av dei store norske merkevareleverandørane.

Mange gløymer at dei er avhengige av matproduksjon i landet, kvar dag, for å overleve. Ein kan ikkje leve utan mat. Det er like viktig å kjøpe mat frå den norske bonden i desember som det er i juni – då veit ein kva ein får. Eg vil ha trygg, norsk mat heile året – også på julaftan. Det håpar eg du som forbrukar også tenker på.

Sjekk at du verkeleg vel norsk neste gong du handlar!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags