Franske trender for døla-bonden?

Franske institusjonskjøkken møter eit pålegg om å bruke lokalprodusert mat. Noe å vurdere også her, meiner Ole Muriteigen. (Illustrasjonsfoto)

Franske institusjonskjøkken møter eit pålegg om å bruke lokalprodusert mat. Noe å vurdere også her, meiner Ole Muriteigen. (Illustrasjonsfoto) Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg

På Gudbrandsdalstinget på Rudi gard vart Gudbrandsdalskommunane utfordra av Eldrid Rudland i Skåppå saman med Gudbrandsdal Energi, Eidefoss, Eidsiva Energi og Skjåk Energi til å bli med i satsinga ”Den Smarte Grøne Dalen”. 
Det skal gi framtidige arbeidsplassar basert ein grøn og berekraftig næringsstrategi. Initiativet er prisverdig, og vi vil vere med.

Skal måla i Paris-avtala om 40% reduksjon i CO2-utslepp innan 2030 nås, må også kommune-Norge bidra. 
Vi kan opplagt og i større grad redusere miljøkonsekvensane gjennom innkjøp av varer og tenester.
Miljøkrav i offentlege kontraktar må prioriterast høgare, slik at miljøvennlege produkt og tenester ikkje blir utkonkurrert. Det er ikkje greit!


Nytt innkjøpsregelverk seier at ein i offentlege innkjøp pliktar å innrette innkjøpspraksisen slik at den bidreg til nettopp meir miljø- og klimavennlege innkjøp.

Gudbrandsdalsjordbruket og -skogbruket må få ei viktig rolle i ”Krafttak for grøne arbeidsplassar”. I Frankrike skal dei nettopp ha godkjent ei ny lov om landbruks- og matpolitikk.  Lova inneheld fleire element for å løse miljøutfordringane, bruk av plantevernmiddel, grøn landbruksrådgjeving, dyrevelferd og meire til.

Sentralt er også å sikre rettferdig inntekt for gardbrukarar.

Det revolusjonerande i lova - og ein interessant tanke for oss - er at den forpliktar det offentlege når det gjeld bærekraft, jordbruk og mat. M.a. blir alle offentlege institusjonskjøkken pålagt å bruke 50% lokalprodusert mat allereie innan 2022.
Kjedebutikkane må donere ubenytta mat til veldedige organisasjonar eller institusjonskjøkken, og restaurantar må gi ut «doggybags» til gjestar som ikkje har ete opp.
Lova tek også omfattende grep for å redusere bruken av plast. M.a. blir all bruk av plast i catering ut frå institusjonskjøkken forbode innan 2025.

Med stor begeistring og entusiasme konstaterer eg at Senterpartiet lanserer eit lenge etterlengta opptrappingsvedtak for jordbruket der sjølvforsyningsgraden skal aukast frå 40 til 50% innan 2026. Produksjon av meir eigen mat basert på eigne ressursar er bra.
Ei slik opptrapping - sett saman med franske trendar  - gir store grøne moglegheiter for Gudbrandsdalen, smart matproduksjon, smart mat for smarte dølar, fritidsinnbyggarar og gjester.


Med dei beste rammene for bærekraftig matproduksjon i landet, eit kompetent matmiljø og eit kokkemiljø i norgesklasse, er føresetnadene gode. 
Det vil gi retning for ei samfunnsutvikling basert på samfunnsoppdraget jordbruket har. 

Framover må vi ta tak i utfordringa vi har fått frå Skåppå, og plante Gudbrandsdalen på kartet gjennom å søke kunnskap, læring og marknadsmoglegheiter gjennom samarbeid.

Les også: Krafttak for grøne arbeidsplassar!

Les også: Krafttak for grønn satsing i Gudbrandsdalen

Les også: Gudbrandsdalens største utfordring er stadig færre fruktbare kvinner

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags