Medan eg sto i resepsjonen på Gjendesheim kom ei dame og lurte på om det var ein plass ho kunne kjenne på vatnet i Gjende

Grønare reiseliv: Eit betre nett og eit større mangfald av tilbod til turistane vil gje auka inntekter for alle, meiner Mette Vårdal.

Grønare reiseliv: Eit betre nett og eit større mangfald av tilbod til turistane vil gje auka inntekter for alle, meiner Mette Vårdal. Foto:

Av
DEL

Leserinnlegg
Reiselivet i Gudbrandsdalen er i vekst. Det er ein stor næring, og eit viktig politisk tema om korleis vi legg til rette for vidare utvikling.

I sommar fekk eg hospitere som resepsjonist og servitør på Gjendesheim, og kom i prat med fleire turister. Det var ein nyttig erfaring, både for å forstå ein turistbedrift betre, og ikkje minst å få innsikt i kva turistane er opptekne av. Dette er eit forsøk på å svare på kvifor eg meiner det er lurt å satse på eit klimavenleg og bærekraftig reiseliv, og noko av det eg trur er viktig for at vi skal få det til.

For å slå det fast først som sist: Vi er allereie langt på veg ein grøn reiselivsdestinasjon. Dette er ikkje snakk om å endre eller legge om, men å bygge vidare på det vi har.

Vi tek ofte naturen og allemannsretten for gitt, men for utanlandske turister kan dette være eksotisk. Medan eg sto i resepsjonen på Gjendesheim kom ein dame og lurte på om det var ein plass ho kunne kjenne på vatnet i Gjende. Vær så god, sa vi, det er berre å gå ned til vatnet kor du vil. Ja, men om det var greit at ho tok av seg på beina og vassa litt? Å kunne sette føtene ned i klart og iskaldt fjellvatn akkurat der du vil, er rein, grøn luksus!

Grøne turister reiser saktare og blir lengre. Veksten kjem vel så mye i at dei som kjem blir lenger, enn at det kjem fleire på gjennomreise. Dei kjem gjerne med tog og buss, om det er mogleg. Den sakte reisemåten gjer at dei gjerne vel fleire overnattingsplassar og aktivitetstilbod i same region. Fleire grøne turister kjem slik ein større del av reiselivet til gode. Dei eg snakka med kom ikkje til Gjendesheim berre for å gå Besseggen, men for å rafte i Sjoa, besøke sentrum og sjå stavkyrkja i Lom.

At turistbedriftene satsar grønt, betyr og ein vektlegging av lokale produkt, og at dei samarbeider med bønder og andre produsentar. Å sjå dyra på beite i fjellet og kjenne namnet på bonden som har dyrka potetene, gjev ein ekstra dimensjon til måltidet.

Ein ting var alle dei eg snakka med einige om, det beste av alt var stilla, og fråveret av fly, cruiseskip og busslaster med turister med dårleg tid. Sjølv om parkeringa på Reinsvangen var full av bilar, så var det nok av plass for alle.

Kva kan vi politikarar gjere for å styrke det gode reiselivsproduktet vi har?

Heilt avgjerande er eit godt og stabilt nett. Men også at det blir lagt til rette for meir bruk av offentleg transport. Fleire turister sliter med å finne ut av busstilbodet, og vel heller bil. Så treng vi eit mangfald av tilbod til turistane som gjer at dei kan fylle dei ekstra dagane med ulikt innhald. Vi treng eit levande landbruk som produserer gode råvarer, og gjerne med større innslag av grønsaker enn i dag. Med aukande skepsis til industriproduksjon av kjøt, er aktivt beitebruk viktig for å synleggjere kva vi legg i dyrevelferd og matsikkerheit. Vi treng å behalde Nortura på Otta, for å sikre lokal foredling av eigne råvarer. Og vi treng renovasjon som kan handtere meir kjeldesortering av avfall enn i dag.

Det er ikkje ein einskild sak som sikrar eit framtidig grønt reiseliv, men ein heilskap og eit aktivt arbeid for samarbeid og tilrettelegging.

Eg er overtydd om at dette er lurt og framtidsretta. Og best av alt, satsinga på eit bærekraftig reiseliv er med og styrker livskraftige lokalsamfunn. Vågå Senterparti vil jobbe for utvikling og styrking av reiselivet, det gjev positive ringverknader også for andre delar av næringslivet i kommunen.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags