Det som er viktig for musea, er å styrke det gode regionale samarbeidet

Jutulheimen i Vågå, del av Gudbrandsdalsmusea. Etter kvart også del av musea i det nye Innlandet. Arkivfoto

Jutulheimen i Vågå, del av Gudbrandsdalsmusea. Etter kvart også del av musea i det nye Innlandet. Arkivfoto

Av
DEL

debatt 

Frå 2020 får vi ein fusjonert fylkeskommune som heiter Innlandet. I tillegg vil fylkeskommunane få overført ein del oppgåver frå staten. Kva for konsekvensar kan dette får for musea – og vidare, kva for konsekvensar kan dette få for utvikinga i Innlandet?

Musea er blant dei største kulturinstitusjonane i Innlandet, og hadde i 2017 300 årsverk, dvs. mykje høg kompetanse som held til i distrikta. Vi hadde 596 290 besøkande og statleg tilskott på kr 159,6 mill.

Desse musea har og tilskott frå kommunane og fylkeskommunen, i litt ulike fordelingsbrøkar. Normen er ca. 60 % stat, og ca. 40 % regionale midlar. Musea har også eigeninntekter, som ikkje er med i desse tala.

Kistefos-Museet, Aukrustsenteret, Norsk skogfinsk museum, Norsk jernbanemuseum og Norsk Vegmuseum – er ikkje med i dei som får fast driftstilskott frå Kulturdepartementet, slik at deira tal kjem i tillegg.

Musea har eit utstrakt samarbeid med fylkeskommunane, om enn med litt ulike modellar i Hedmark og Oppland. Fylkeskommunane jobbar fortløpande med å finne ut korleis dei ynskjer å jobbe med nåverande oppgåver – og nye oppgåver dei får frå staten i den nye fylkeskommunen.

Korleis driftstilskotta til musea blir i framtida, er enda uavklara. Nokre museum vil truleg få slått saman fylkes- og statstilskott til eitt tilskott frå fylkeskommunen. Medan andre vil ha ei direkte forankring i sitt nasjonale arbeid i Kulturdepartementet si løyving. Det kan gjelde t.d Anno Norsk skogmuseum, Tater/romanifolkets kulturhistorie ved Anno Glomdalsmuseet, Anno Kvinnemuseet, Lillehammer Museum, Norsk Institutt for Bunad- og folkedrakt ved Valdresmusea, og forhåpentlegvis Norsk Fjellmuseum som delvis ligg under Gudbrandsdalsmusea.

Musea er involverte i mykje anna i samarbeid med fylkeskommunen (og staten). Innanfor kulturarv/kulturminne er musea t.d. sterkt involverte i eit samarbeid om bygningsvernrådgjevarar i Oppland, som vi vonar kan utvidast til å gjelde heile Innlandet fylke.

Musea har mykje å gjera med Riksantikvaren og Kulturhistorisk Museum, UiO om kulturminnevern og kulturminneforvaltning. Riksantikvaren sitt regionale arbeid blir delvis flytta ut til fylkeskommunane, dette kan gjelde m.a. dei teknisk industrielle kulturminna Folldal gruver, Atlungstad Brenneri, Klevfoss industrimuseum. Ansvaret for stavkyrkjene eller mellomalderruinar er t.d. ikkje avklara om dei blir under Riksantikvaren eller ikkje. Kulturhistorisk Museum sitt ansvar for førreformatoriske funn og samiske kulturminne eldre enn 100 år blir truleg uendra.

Arbeidet med materiell og immateriell kultur- og naturarv er ein normal del av musea sitt daglege arbeid, det gjeld dokumentasjon, aktivisering, formidling og forsking i samarbeid med lokale ressurspersonar innan seterkultur, folkedans, tradisjonsmusikk, nasjonale minoritetar, båtbygging, rim og regler…- eit stort spekter av tradisjonelle uttrykk og praksisar – og gjerne med lokalt særpreg. I og med at musea dekker heile det geografiske landskapet, har vi gode kontaktar i lokalsamfunna for dette arbeidet.

Musea er og store innan kultur og kulturarrangement, er arena for konsertar, konferansar, teater, og store og små arrangement i samarbeid med lokale og regionale aktørar, som t.d. Sommarsymfonien og Jørn Hilme-stemnet i Valdres, Hamar Middelalderfestival og Dei nordiske jakt- og fiskedagane i Elverum.

Det var ein stor museumsreform for nokre år sidan, som resulterte i samanslåing frå over 300 til 62 fusjonerte museum under Kulturdepartementet. I Oppland vart dette til regionmusea: Valdresmusea AS, Randsfjordsmuseet AS, Mjøsmuseet AS og Gudbrandsdalsmusea AS. Desse musea har liknande ansvar for sine regionar – i godt samarbeid med kommunane og lokalbefolkninga. Seinare har Lillehammer Museum vorte utvida med Lillehammer Kunstmuseum. I Hedmark valde dei sjølve å samle seg i eit museum for heile fylket, Anno. Musea i Innlandet har litt ulike modellar for eigarskap av samlingane og driftsansvar. Men dei fleste har sterkt lokalt eigarskap – og lokal involvering.

Nå har staten varsla ein ny reform, det vil koma ei ny museumsmelding i 2021, og det kan bli krav om ytterlegare fusjonar. Korleis dette vil slå ut for Innlandet er det vanskeleg å seia.

Det som er viktig for musea, er å styrke det gode regionale samarbeidet med lokalsamfunna og styrke kompetansen i regionane ved musea som ein del av overføringa av oppgavefordelinga stat – fylke. Musea ynskjer å vidareføre og utvikle det gode samarbeidet med fylkeskommunen og finne gode rolleavklaringar i høve oppgåver og arbeidet ved musea.

Vi har alt etablert Museumsforum Innlandet som ein god fagleg møtestad mellom musea - der også fylkeskommunane er med.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags