– Kjem nazistane i dag òg?

Norddalen treng alle gode krefter og idéar – ikkje eit meiningsregime der alle som engasjerer seg i eit ikkje-sosialistisk parti skal sendast gjennom ein spissrotgang til dei sluttar å engasjerer seg, skriv Tor Valdvik.

Norddalen treng alle gode krefter og idéar – ikkje eit meiningsregime der alle som engasjerer seg i eit ikkje-sosialistisk parti skal sendast gjennom ein spissrotgang til dei sluttar å engasjerer seg, skriv Tor Valdvik.

Av
DEL

debatt 

Om det i desse rovdyrdagar sit ein 15-åring med sympati på høgresida i norsk politikk og ein politikar i magen ein eller annan plass i Nordgudbrandsdalen vonar eg vedkommande ikkje les kva vaksne folk og leiande politikarar skriv på sosiale media.

"Dette heiar eg på. I Lom trengst mangfald i den politiske debatten, nå er det altfor passivt. Takk for engasjementet ditt, Mai. Eg veit at det kostar!" Slik lyder ei av attendemeldingane til Mai Bakken som på nyåret lufta moglegheitene for å starte opp eit lokallag av SV i Lom. Eg kunne ikkje vore meir samd.

Kommunepolitikken i Norddalen er av dei mest einspora og minst mangfaldige i kongeriket. Er du medlem av andre partier enn AP, SP eller til naud SV er du nærast rekna for å ha mista alt vet og forstand, eller eventuelt aldri hatt det. Som aktiv i Høgre fekk eg sjølv kjenne dette på kroppen når eg var busett i Vågå. I 2013 fekk eg knust begge sidespiglane på bilen og det var skrive "Høgre-svin" i snøen på bilruta.

Siste stortingsval synte at om lag 1/5 veljarar i Norddalen har sympati med eit borgarleg parti. Likevel er dei fire partia som har utgjort fleirtalskonstellasjonen på stortinget ved dei siste to stortingsvala knapt representert i kommunestyra.

Politikk blir i ei slitt frase omtala som det mogleges kunst. I små kommunar handlar dette om å få fram ulike synspunkt og idéar samt å ha alliansar i statsapparatet. Difor ser politikarane i dei fleste kommunar, uavhengig av parti som styrer, ein stor verdi i å ha eit mangfald av representantar frå ulike parti på taburettane i kommunestyresalane. Landssamanslutninga for vassdragskommunar, Utmarkskommunanes samanslutning og KS er gode døme på organisasjonar som har sett nytta av å ha breid tverrpolitisk forankring. Dette skapar både betre forankring internt og ikkje minst skapar dette truverd utad til sentrale styresmakter som blir styrt av vekslande politiske farger. Mitt inntrykk er at mange leiande politikarar i Norddalen ikkje ser denne verdien.

Under kommunevalgkampen i 2011 gjorde nokre lokale eldsjelar eit forsøk på å få FrP representert i kommunestyret i Vågå. Dei vart ikkje representert i kommunestyret, men var nære på. Under ein stand i Vågå sentrum hugsar eg framleis ein listekandidat for eitt av dei andre partia spurde høgt og demonstrativt: "Kjem nazistane i dag òg?"

Dette kan kallast humor eller det kan tilskrivast dårleg dømmekraft frå ein enkeltperson. Det som uroar meg mest er at det verkar å vera eit gjengs narrativ blant det politiske etablissementet i Nordgudbrandsdalen at borgarlege politikarar og veljarar har dårlege hensikter med sitt politiske engasjement. Dei har altså ikkje berre gale oppfatning av kva som er dei rette politiske løysingane, men dei er i tillegg dårlege menneske. Ordførar på Lesja, Mariann Skotte skriv ope på sosiale media at stortingspolitikarar som går til frontalangrep på eiga regjerings ulveforvaltning ikkje verkeleg har dette engasjementet, og stemplar vedkommande som patetisk. Det er også gangbar mynt på Lesja-ordføraren si facebookside å skrive at regjeringspartia driv ein konspirasjon om å fjerne alle bønder og forsåvidt også alt anna levande liv i distrikta frå jordas overflate.

Eg gav i starten av innlegget mi støtte til ein kommentar skrive på Mai Bakken si Facebookside. Vi treng stemmer frå fleire parti, og Bakken har mange viktige synspunkt å koma med frå sin ståstad. Det som derimot er trist er at vi ikkje kan heie på alle som tek initiativ til eit større politisk mangfald i området. Så seint som i 2017 fekk ein ungdom som nyleg hadde meldt seg inn i Unge Høgre og som var på sin fyrste valgkampstand i heimbygda beskjed frå eit rutinert organisasjonsmenneske om at han fekk ta av seg den Unge Høgre-genseran når han var i Lom.

Nordgudbrandsdalen slit med dei same problema som mange andre regionar i Norge; forgubbing og fråfløtting. Da treng ein alle gode krefter og idéar - ikkje eit totalitært meiningsregime kor alle som engasjerar seg i, eller stemmer på, eit ikkje-sosialistisk parti skal sendast gjennom ein spissrotgang til dei sluttar å engasjerer seg, eller enno verre, fløt frå bygda.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags