Gå til sidens hovedinnhold

Heia ungdomsengasjementet!

Guro Lajord

Bygdepolitisk nestleiar i Oppland Bygdeungdomslag

Følg på: Facebook

Artikkelen er over 4 år gammel

leserinnlegg Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Noreg treng framtidige leiarar, politikarar, sjefar og tillitsvalde. Dessutan er det absolutt inga ulempa om fleire røyster ved kommune- og stortingsval, engasjerer seg i lokalpolitikken eller i frivillige organisasjonar. Logistikk, infrastruktur, arbeidsplassar og fin natur er absolutt eit føremon for framtidig busetting på bygda, men Bygde-Noreg blir nok likevel nokså stusseleg utan nokon form for frivillig engasjement. Og korleis skal ein syrgje for ei framtidig levande bygd? Byggje oppunder ungdomsengasjementet, trur vi.

Førre helg var nærare 100 ungdommar frå heile fylket samla til Oppland Bygdeungdomslag sitt årlege haustkurs, med organisasjonsopplæring som føremål. På Honne vart ungdommane kursa i sine respektive verv i lokallagsstyrene- leiarar og nestleiarar, kasserarar, kultur- og aktivitetsansvarlege, og styremedlemmer klare til dyst! Haustkurs vert arrangert av og for ungdom frå elleve fylke, og tilsaman vert eit hundretals ungdom kursa i løpet av hausten.

Norges Bygdeungdomslag set organisasjonsskulen i ei særstilling- vi meiner at god opplæring og ein sterk organisasjonskultur legg grunnlaget for ein vellukka organisasjon. Vi meiner at for å kunne utøve eit godt frivillig arbeid både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå må opplæring til- om det gjeld økonomistyring, leiareigenskapar, tale- og debatteknikk, skriveferdigheiter eller marknadsføring. Og minst like viktig er opplæringa og erfaringa ein får ved å engasjere seg og væra tillitsvald i eit styre. Ei rekkje oppgåver krev gode løysingar, samstundes som ein gjerne må samarbeide med folk med ulike bakgrunn. Og i denne samanhengen står ikkje Norges Bygdeungdomslag i nokon særstilling! Vi set organisasjonsskulen i høgsetet, ja, men verdifull organisasjonserfaring kan ein hente mange stader - i humanitære eller ideelle organisasjonar. Om det er i Bygdeungdomslaget, 4H, ei idrettsforeining, eit ungdomsparti eller ei bistandsforeining - det viktigaste er at ungdommen engasjerer seg.

Og kvifor er det så viktig med engasjement og organisasjonsopplæring? Vi trur at framtidige leiarar vert utvikla på dette viset. Vi trur møteleiing og referatskriving er kunnskapar som kan kome til nytte - i arbeidslivet, i det lokale jaktlaget eller i politikken. Vi trur grunnleggjande økonomistyring, taleteknikk og gode samarbeidsevner er gode eigenskapar og ha med seg. Og ikkje minst trur vi at engasjement og organisasjonsopplæring gjev ein balast og eit perspektiv som norsk skule ikkje kan gje. Heia ungdomsengasjementet!