Klimautslepp - århundret si utfordring i reiselivet

KLIMA I FOKUS: Kapital og unike norske kvalitetar blir lagt i potten for å blåse opp ei type reiseliv som er dømt til å kollapse i møtet med det grøne skiftet verda må gjennom, skriv Mai Bakken. "Gjendeguiden" (biletet) driv lågfossil verdiskaping lokalt.

KLIMA I FOKUS: Kapital og unike norske kvalitetar blir lagt i potten for å blåse opp ei type reiseliv som er dømt til å kollapse i møtet med det grøne skiftet verda må gjennom, skriv Mai Bakken. "Gjendeguiden" (biletet) driv lågfossil verdiskaping lokalt. Foto:

Av
DEL

DEBATT
Norsk fjellsenter i Lom var ein av tre finalistar i kåringa av Årets museum i Norge, men feiringa må vente. Eit langt større løft står framfor oss alle – inkludert dei som vil andre vegen.

«Norge skal leve av reiselivet – men kva slags reiseliv skal og kan vi leve av?» Eit ufarleg spørsmål, tenkjer du? Vi har erfart at det er det ikkje.

Norsk fjellsenter inviterer 9.-11.mai til eit nasjonalt løft, til Lomsløftet, ein nasjonal reiselivskonferanse ulik alle andre, etablert for dialog og konkrete tiltak for lågare klimautslepp og høgare lokal verdiskaping i norsk reiseliv – ei av dei næringane vi skal leve av etter olja.

Status per i dag: Klimautsleppa per turist i Norge har aldri vore høgare. Aldri har gjestene våre hatt dårlegare tid til å legge att pengar lokalt. Aldri har næringa vore mindre berekraftig.

Så kva gjer dei store aktørane i norsk reiseliv som nå har ti år att til å halvere klimautsleppa og få naturen i balanse? Dei satsar massivt på ein vekststrategi basert på å fluge langt større volum av gjestar jorda rundt til norgesferie.

I denne situasjonen står Norsk fjellsenter, turistmagneten Lom og reiselivsregionen Gudbrandsdalen i ei unik nasjonal særstilling. Til tross for at vi verken har flyplass eller cruisedestinasjonar, er Oppland i sommarsesongen Norge sitt mest besøkte reiselivsmål målt i overnattingar.

Vi har og den høgaste delen norske og nord-europeiske gjestar i landet – og av den grunn det lågaste klimaavtrykket takka vere relativt kortreiste turistar. Ein stor del av desse legg ferien til Gudbrandsdalen og fjella våre – og går til alt overmål fotturar som aukar lengda på opphaldet, dempar klimaavtrykket og utløyser større innkjøp av lokale tilbod og tenester.

Misforstå meg rett: Som resten av reiselivsnæringa har vår region og eit stort potensial for lågare klimautslepp globalt og auka verdiskaping lokalt – men vi er på fleire område nærast å oppfylle krava som ligg i det grøne skiftet.

Lomsløftet er ein konferanse med dei beste intensjonar, men ved å ta initiativ til klimavenleg reiseliv har vi openbart trakka sentrale aktørar på tærne. Institusjonalisert motstand mot endring vil garantert bli ein gjengangar i mange bransjar framover – men vi held fram i vissheit om at inga næring eller aktør har lenger noko val. Framtida er lågfossil – og sjølve premisset for verdiskaping og vekst.

Løysinga må vere å gå frå storsatsing på volum og kvantitet i reiselivet, til i større grad å utvikle kvalitetstilbod for individuelle reisande. Gjerne frå eiga kontinent. Såkalla adventureturisme er i sterk vekst, og er kjenneteikna av større feriebudsjett, betre tid og ofte betre føresetnadar for å verdsette naturen, kulturen og reiselivstilboda i Norge. Vi får att auka lokal verdiskaping og lågare klimautslepp.

Norge har som reiselivsmål store marginar å hente på å skreddarsy tilbod for turistar som er villige til å bli lengre og betale meir for dei unike opplevingane Norge byr på – slik ein del lokale reiselivsaktørar i Gudbrandsdalen allereie gjer med meir attraktive arbeidsplassar som resultat.

Ved dette vegskilet står norsk reiselivsnæring i dag. Nasjonalt investerer private og offentlege aktørar i dag milliardar i fossil infrastruktur og marknadsføring for fly- og cruisetransport eit stort volum langreiste og heseblesande turistar. Kapital og unike norske kvalitetar blir lagt i potten for å blåse opp ei type reiseliv som er dømt til å kollapse i møtet med det grøne skiftet verda må gjennom.

Tenk da, så meiningsfullt å ta studieturen opp gjennom den mest berekraftige reiselivsregionen i landet og bidra til svaret på kva slag turisme vi skal leve av i framtida – toppa med vårskitur i Jotunheimen.

Velkomne til Lomsløftet!

Bakken Mai

Lom, 1.kandidat, Innlandet SV

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags