Eit ja til Nortura på Otta forpliktar både Høgre og Ap

EIT JA FORPLIKTAR: Ap og Høgre si støtte til Nortura-drift på Otta, det må og forplikta partia og Erna Solberg og Jonas G. Støre i anna politikk som handlar om sentralisering, skriv Olav Røssum.

EIT JA FORPLIKTAR: Ap og Høgre si støtte til Nortura-drift på Otta, det må og forplikta partia og Erna Solberg og Jonas G. Støre i anna politikk som handlar om sentralisering, skriv Olav Røssum. Foto:

Av
DEL

Leserinnlegg
Nortura er i ein krevjande økonomisk situasjon, og selskapet må dessverre vurdere ulike tiltak for å rette på dette. For Senterpartiet er det svært viktig å arbeide for at anlegget på Otta blir oppretthalde og vidareutvikla. Nortura sitt anlegg på Otta betyr mykje for heile Gudbrandsdalen. For heile regionen er eit slik anlegg for slakting og foredling av kjøtt av stor verdi. Primærproduksjon og foredling av kjøtt står for ein stor del av verdiskapinga i området. Anlegget på Otta er ein av dei viktigaste føresetnadene for landbruket i Gudbrandsdalen si verdikjede.

Alle kommunane i Gudbrandsdalen har strategiar for å styrke næringslivet. Foredling av lokale råvarer, som gir lokal verdiskaping og sysselsetjing, står sentralt i desse. I åra framover vil dette bli stadig viktigare. Utvikling av bærekraftige produksjonar vil vera nødvendig for å løyse dei utfordringar vi står framfor, både lokalt og globalt. Anlegget på Otta har eit stort potensial for å bidra til dette.

Vi ser at det blir eit stadig sterkare fokus på dei lokale særpreg som ulike produkt har. Dette vil bli forsterka i åra som kjem. Mat frå Gudbrandsdalen, foredla i ei lokal verdikjede, vil gi grunnlag for produksjon av varer som det vil bli stadig større etterspørsel etter.

Dei tilsette på Otta representerer høg kompetanse i mange ulike fag. Denne kompetansen treng vi i Gudbrandsdalen, for å kunne foredle gode lokale råvarer. Det vil vera eit stort tap av viktig kompetanse om anlegget blir lagt ned.

Senterpartiet arbeider for ei samfunnsutvikling der det blir lagt til rette for å ta vare på det som er bygd opp gjennom mange år, i staden for å bryte ned og sentralisere i store einingar. Det gjeld i landbruket, i saker som denne. Men det gjeld også på mange andre samfunnsområde.

Det gjeld i spørsmål om lensmannskontor, kommunestruktur, skulestruktur, spesialisthelsetenester, distribusjon av post, verkemiddel i næringspolitikk, og på mange andre område.

Nord-Fron kommunestyre har samrøystes vedteke ei uttale der ein argumenterer sterkt for at anlegget på Otta ikkje må leggast ned. I uttala blir det lagt vekt på at ein desentralisert struktur er viktig for å bygge verdikjeder, og at sentralisering og store anlegg ikkje er ei utvikling vi støttar.

Det er gledeleg at parti som støttar heilhjarta opp om kommunereform, regionreform, politireform, føretaksmodell i helsevesenet, nedlegging av skuletilbod, med meir, nå tek til orde for ei anna utvikling.

Alt for ofte opplever Senterpartiet at Arbeiderpartiet og Høgre støttar opp om, og sikrar fleirtal for, ein politikk som fører til meir sentralisering og dårlegare tenester. Det svekker grunnlaget for ei positiv berekraftig utvikling over heile landet.

Å støtte opp om ei slik uttale som Nord-Fron kommunestyre nå har vedteke forpliktar, ikkje berre i arbeidet for å ta vare på Otta-anlegget. Det forpliktar også til å bruke dei same argumenta når andre tilbod og tenester, på andre samfunnsområde, lokalt, regionalt, eller nasjonalt, blir sette under press, svekka og sentraliserte.

Eg håper at ei så klar og tydeleg oppmoding som denne uttala inneber, betyr at fleire enn Senterpartiet etter kvart har fått auga opp for at vi må ta heile landet i bruk. Det krev oppfølging og vedtak som fører til endring av ei negativ utvikling.

Vi må stille dei same krava til oss sjølve som kommune, til fylkeskommune, til Storting og til regjering, som dei vi i Nord-Fron stiller til Nortura.

Olav Røssum

Nord-Fron, nestleiar i Oppland Senterparti

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags