Heile region kring Nortura Otta står skulder ved skulder

Nortura Otta: - Vi treng ikkje fleire stortingsmeldingar, vi treng handling. Aktive bygder er ein fordel for byane, skriv Guri Ruste.

Nortura Otta: - Vi treng ikkje fleire stortingsmeldingar, vi treng handling. Aktive bygder er ein fordel for byane, skriv Guri Ruste. Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg
Nortura-anlegget på Otta er i fare for bli lagt ned. Eit veldrive anlegg med godt driftsresultat. Ottaanlegget står sterkt hjå produsentane og i lokalsamfunnet. Dyktige, lokale transportørar legg opp effektive og gode ruter der dyrevelferda har fokus. V

i andre kjøper Gilde fordi vi veit det er kvalitet. Når sentrale politikarar blir overraska er det grunn til undring. Alle kjenner utviklinga i politiske føringar for landbruks- og matvareindustrien. Det er stille frå Høgrasida i politikken i denne saka.

Billig mat har vore hovudmålet. Matvarekjedene har kunne ta den makta dei ville og politikarar let att auga for dei konsekvensar dette har.

Når landbrukssamvirket slit i motvind, ser vi at politiske miljø, presse og andre bles opp om topptunge organisasjonar, kostbar drift og manglande økonomistyring. La oss ikkje ramle i den fella. 

Samvirkeorganisajonene var gardbrukarane si løysing på 1930 talet sine oppkjøpere. Oppkjøpere hadde all makt og sette prisane sjølve, Ofte direkte skambod. For å demme opp for dette samla bøndene seg og bygde sine egne slakteri og meieri. Sentralt fordelt i distrikta så dyra skulle sleppe den lange turen til Oslo. Slik fekk bøndene innflytelse over pris på varen og økonomien i drifta. Til stor fordel for seg sjølve og for lokalsamfunna da ein større del av verdiskapinga vart att i Distrikts-Noreg. Landbrukssamvirket sikra med si henteplikt at sauen frå den ytste øy og mjølka frå garde i grenda vart henta. Fellesskapen mellom bøndene sikra drift i heile landet. Henteplikta har sin kostnad for samvirket som skal konkurrere med tilsvarande bedrifter utan same verdisyn. 

I vår tid har matvarekjedene teke over makta som oppkjøparane hadde på 1930 talet. Kjedene bestemmer kva varer dei skal ta inn og til kva pris. Kjedene vil helst ha egne produkt til ein spottpris. Ein enkelt bonde vil vere makteslaus i eit slikt spel. Gjennom politisk målsetting om auka konkurranse har politikken år for år sett landbrukssamvirket på utrygg grunn. Med viten og vilje er fri konkurranse og marknadskreftenes frie spel den store religion for enkelte politiske miljø. Det er i dag tre store matvarekjeder som kjemper seg i mellom. Signala frå Coop og Rema 1000 om at NorgesGruppen tek overskotet, er så høglydte at dei bør høyrast inne på stortinget med. Men kapitalkreftene har vel større innflytelse gjennom sine avtaler med First House?

Nortura sine utfordringar nå er ikkje landbrukssamvirket sine utfordringar aleine. Forslaget om å legge ned Nortura Otta er ikkje resultatet av dårleg drift. Det er eit klart symptom på at Norge har spelt fallitt i sin matvare- og landbrukspolitikk. 

Norge er eit langstrakt land med ned topografi, natur og klima som gjer at vi ikkje kan konkurrere med USA eller EU på pris. Det har vore ein villa politikk i Norge at det skulle vere busetting og drift i heile Norge utifrå sjølvforsyning, kulturlandskap og sikkerheit. Vi har hatt god dyrehelse og trygge matvareprodukt fordi vi har hatt bevisste bønder som med sin småskalaproduksjon har halde på stoltheita og kjærleiken til dyra og jorda. Og fordi vi har hatt eit strengt grensevern. Dette er verdiar under press.

Heile region kring Nortura Otta står skulder ved skulder. La oss reise oss til kamp for rammevilkår og politiske verkemiddel som sikrar landbrukssamvirket slik at vi i framtida kan ha foredlingsbedriftene fordelt i distrikta. 

Vi oppfordrar alle til å bruke sine kontaktar. Vi treng ikkje fleire stortingsmeldingar, vi treng handling. Aktive bygder er ein fordel for byane. 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags